Stillingsbeskrivelse

Published 13-10-2024
Deadline: 01-11-2024

 

Vi har ei spennande stilling ledig på Julsundet skole

Vi på Julsundet skole ønsker å tilsette ein SFO- leiar som skal bidra til å vidareutvikle skole- og SFO-tilbodet på Julsundet skole. Både barn og vaksne skal oppleve SFO som ein trygg stad kor dei kjenner seg sett, ivaretatt og respektert. Barna skal også oppleve omsorgsfulle og nærverande vaksne som ser barnas behov både fysisk og emosjonelt. Vi ønsker å ha ein god SFO som tilbyr varierte aktivitetar som stimulerer barna si sosiale, fysiske og kreative utvikling. Dette kan inkludere leik, fysiske aktivitetar, kunst og handverk, utforsking av naturen og tid til å kvile og slappe av.

På vår SFO ønsker vi å tilsette ein dyktig og tydeleg leiar som skapar eit godt arbeidsmiljø for tilsette som igjen skaper eit godt miljø for barna.

 

Ønska kvalifikasjonar

  • Helst relevant leiarutdanning eller økonomisk/administrativ utdanning på høgskolenivå
  • Gjerne utdanning innan barn-/ungdomsarbeid
  • Må ha erfaring frå arbeid med barn frå SFO, barnehage eller skole
  • Du må vere ein tydeleg og omsorgsfull leiar og kunne dokumentere dette
  • Personlege eigenskapar, med evne til å skape eit trygt og inkluderande miljø for både vaksne og barn
  • Gode digitale ferdigheiter

Vi legg vekt på at du er ein tydeleg og omsorgsfull leiar som er både løysingsorientert, strukturert og med gode samarbeidsevner.

 

Oppgåver

  • Sikre den daglege drifta av SFO slik at den fungerer smidig og i tråd med fastsette rutiner og retningslinjer
  • Organisere aktivitetar og sikre at det er tilstrekkeleg bemanning for å møte barnas behov
  • Sørge for at miljøet er trygt og inkluderande for både barn og vaksne
  • Skape eit miljø der tilsette får fagleg utvikling og utfordringar
  • Sørge for riktig fordeling av arbeidsoppgåver og vaktplanar
  • Følge opp økonomi og drift og bidra i forhold til lønnskjøring og timeføring
  • Samarbeide med foreldre og skole på ein god og hensiktsmessig måte
  • Vere ein del av skolens leiarteam og bidra til strategisk utvikling av SFO i forhold til skolens og kommunens planar og målsetjingar

 

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag med stor innflytelse på barnas trivsel og utvikling
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår

 

Særskilte krav

Det er krav om politiattest før tiltreding.

Prøvetid

Det er gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.

Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen «Søk på stilling».

Søknadsfrist: 01.11

Tiltreding: Etter avtale

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med rektor Knut Anders Fostervold, tlf. 900 40 602

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Aukra kommune Julsundet skole orgnr:
Kort om arbeidsgiver Aukra kommune er ein kommune lokalisert på øy- og fastlandsdel. Her er det vakker natur med nærleik til hav og fjell, flotte kulturopplevingar både i lokalmiljøet og i nærområda, og det er korte avstandar til mellom anna Molde, Åndalsnes og Ålesund.

Aukraskolane har eit brennande hjarte for elevane. I Aukraskolane legg vi til rette for læring for alle elevar og stimulerer den enkelte sin motivasjon, lærelyst og tru på eigne evner. Vi arbeider for eit inkluderande fellesskap og eit trygt skolemiljø som fremmer helse, trivsel og læring for alle

Julsundet skole er ein 1-10-skole med om lag 45 tilsette og 250 elevar. Personalet her på Julsundet skole er fagleg dyktige, har stort engasjement, godt humør og godt samhald. Skolen ligg 15 kilometer vest for Molde.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted MOLDE (Adresse: Skolebakken 7 Postnr: 6409)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b511bd90-f3cd-40a0-94ff-20c7e0f19e26
IMPORTAPI