Veterinær – Høyanger kommune Høyanger kommune
Natur og miljø Veterinaerer og dyrepleiere(17 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 24-11-2024
Deadline: 18-12-2024
Veterinær
Er du vår nye veterinær?
Høyanger kommune har to veterinærar i stordyrpraksis. Ein av veterinærane skal no pensjonere seg, og vi ser etter nokon som kan imøtekomme behova til bøndene våre og delta i vaktordning.
På kvardagar omfattar arbeidsområdet Høyanger kommune – på begge sider av Sognefjorden. På kveld, natt og helg har kommunane Høyanger, Gulen og Masfjorden vaktsamarbeid med 4-delt vakt.
Området har hovudsakleg sau- og mjølkeproduksjon ku, inkludert semin. I tillegg ein geitemjølkprodusent og litt hest.
Det er moglegheiter for å utvikle eigen smådyrpraksis i Høyanger. Sidan det er to veterinærar tilgjengeleg på dagtid, er det rom for å drive med smådyr i tillegg til produksjonsdyr. Kommunen kan vere behjelpeleg med å skaffe egna lokale.
Kvifor bu og arbeide i Høyanger kommune?
• Aktivt produsentmiljø, moderne drift og trivelege bønder.
• Fokus på samarbeid og erfaringsutveksling blant veterinærane.
• Eit rikt lag- og organisasjonsliv.
• Gode forhold for friluftsliv, jakt, naturopplevingar.
Kvalifikasjonar
• Krav om norsk veterinærautorisasjon
• Du må ha eige føretak og disponere eigen bil og utstyr. Førarkort kl. B.
• Føresetnad med godkjent insemineringskurs (Geno). Kommunen tek kostnaden med semin- og nødslaktsertifikat-kurs dersom det trengs.
• Du må kunne jobbe sjølvstendig som veterinær.
• Du må kunne norsk, munnleg og skriftleg.
Det er eit krav om å delta i firedelt vaktordning. På grunn av insemineringssesong og lamming er helgevaktene 2-delt om vinteren og i lamminga – totalt 3 månadar. Kommunalt driftstilskot er 350 000 pr. år. Vakante vakter utanfor vaktordninga blir betalt med 100% tillegg. Avtale om kommunalt driftstilskot gjeld frå tidspunktet den vert signert med oppseiingsfrist på 6 månader.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO