Stillingsbeskrivelse

Published 24-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

Vernepleiar/miljøterapeut 2×100% fast stilling

Stillinga ligg til avdeling Olsvika som er eit nytt og privateigd bufellesskap der kommunen yt tenestene. Avdelinga har ca. 32 årsverk. Personalgruppa har pr. d.d. høg og tverrfagleg kompetanse. Det er fokus på å yte gode tenester inkludert faglege drøftingar og refleksjonar.   Bufellesskapet ligg nært sjø, turstiar og offentleg transport. Dei tilsette skal gi heildøgns omsorg til menneske med ulike funksjonsvariasjonar.
 
2 x 100 % fast stilling som Vernepleiar/miljøterapeut. Langturnus med arbeid kvar 3. helg, vakter på 14,5 timer, inkludert i turnusordninga er «timar til bank».

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide målretta saman med den enkelte tenestemottakar, pårørande og kollegaer for å ivareta den enkelte sin rettstryggleik.
  • Bistå til at tenestemottakar får individuelt tilpassa tenester og ein meiningsfull og aktiv kvardag. Du må kunne bruke aktivitet og kulturopplevingar som helsefremjande tiltak.
  • Miljøarbeid, her under praktisk bistand i tenestemottakarane sine leilegheiter.
  • Levere tenester i tråd med vedtak, lovverk, fagleg anerkjent metodikk og etiske retningsliner, samt kommunens verdiar og målsettingar.
  • Helseoppfølging, herunder medisinansvar. Legemiddelhandtering etter delegasjon.
  • Arbeide etter fagadministrative system (Helseplattformen, Compilo).
  • Inneha rolle som koordinator eller primærkontakt, kunne leie samarbeidsmøter eller ansvarsgrupper.
  • Gje rettleiing til og opplæring av nye kollegaer.
  • Halde deg kontinuerleg oppdatert ved bruk av t.d. mail og Teams.
  • Vere lojal mot system og metodar, og utføre oppgåver som vert delegert.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som vernepleiar 
  • Sjukepleiar og andre miljøterapeutar kan søkje.
  • På grunn av utøvelsen av arbeidet oppfordres kvinner til å søke på stillingene.
  • Du  må kunne vise til erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå kap. 9 i Helse og omsorgstenestelova. 
  • Meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg.
  • God digital og velferdsteknologisk kompetanse, eller evne til å lære seg dette.
  • Førarkort kl. B, til ein av stillingane er det eit krav om å ha sertifikat på manuell gir
  • Krav om politiattest av ny dato.

Personlege eigenskapar

  • Kunnskap, interesse for og erfaring frå arbeid med målgruppa.
  • Engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
  • Gode  kommunikasjons og samarbeidsevne.
  • Evne til å arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig.
  • Du motiverer, inspirerer og tek ansvar for at vi saman oppnår god fagleg og etisk standard.
  • Du må vere ein positiv kultur- og haldingsbærar.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, og i team.

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar, varierte og givande arbeidsoppgåver.
  • Eit godt arbeidsmiljø.
  • Arbeid i turnus.
  • God opplæring og oppfølging.
  • Løn etter gjeldande tariff.

Kontaktinformasjon

Cecilie Marie Åsen Knoff, Avdelingsleder , 993 94 771, cecilie.marie.asen.knoff@alesund.kommune.no
Wenche Karin Åsmo Brandt, Verksemdsleiar, 954 32 994, wenche.karin.asmo.brandt@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Vestre Hovdenesvegen 8e
6019 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 4875288503
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 06.01.2025
Søknadsfrist: 10.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Buteneste midtre, Ålesund kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Webside http://www.alesund.kommune.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted ÅLESUND (Adresse: Vestre Hovdenesvegen 8e Postnr: 6019)
Stillingstype Heltid Antall stillinger: 2
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 06-01-2025
Søknadsfrist 10-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e0dfeb54-9f1d-4f3d-bc9e-2163053c8586
IMPORTAPI