Vernepleiar/Miljøterapeut 100% fast Bu- og habilitering – Kvinnherad kommune Bu og habilitering
Health and social care Vernepleier(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 17-11-2024
Deadline: 03-03-2025
Vernepleiar/Miljøterapeut 100% fast Bu- og habilitering
Bu- og habilitering er ei eining i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsnedsettingar. Målet for eininga er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv.
Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.
Omtale av stillingar
- Faste vernepleiar stllingar på 100 %
- Arbeidsoppgåvene er varierte, og omfattar praktisk og personleg hjelp, sosial trening og opplæring i daglege gjeremål.
- Stillinga er tillagt fagleg ansvar knytta til kartlegging og planlegging av vedtak for brukarane.
- Eininga kan tilby ulike arbeidstidsordningar som døgnvakter, lange vakter med arbeid kvar 4. helg, samt ordinær todelt turnus med arbeid kvar 2. eller 3. helg.
- Søkjarar må spesifisera kva arbeidstidsordning dei føretrekk.
Ved intern rekruttering, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledige og ein kan då tilsetja i desse stillingane frå same søkjarmasse.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som vernepleiar. Andre med 3- årig høgskuleutdanning innan helse eller pedagogiske fag, samt relevant erfaring kan bli vurderte.
Søkjarar må ha sertifikat på bil
Eigenskapar
- Fleksibel og løysningorientert
- Gode evner til kommunikasjon
- Kunne arbeide sjølvstendig og samarbeiede med andre
- Gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg
- Kunna takla utfordrande adferd.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO