Stillingsbeskrivelse

Published 16-09-2024
Deadline: 29-09-2024

 

Vernepleiar med døgnvakter i Gullsmedvegen bu og avlasting

Om arbeidsstaden

Helse og velferd er ein sektor med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne sektoren inngår pleie – og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Gullsmedvegen bu og avlasting vart opna i januar 2024 i nyoppussa lokaler. Eininga består av tre omsorgsbustader og avlasting med tre sengeplasser til barn og unge. Vi gjev praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til vaksne personar med nedsett funksjonsevne i omsorgsbustad, samt rullerande avlasting til born og unge i eigne lokaler. 

Gullsmedvegen bu og avlasting er ei avdeling innunder Miljøarbeidartenesta. 

Om stillinga

Gullsmedvegen bu og avlasting er ei eining der vi søker etter kollegaer med fullført bachelor i vernepleie. 

Vi søker deg som ønsker og vere med å bygge opp ei god teneste der både tenestemottakarar og tilsette opplever meistring og utvikling. Vi treng trygge, aktive og omsorgsfulle miljøterapeuter til arbeid i døgnturnus.

Som miljøterapeut vil du blant anna ha oppgåver knytt til primærkontaktansvar, aktiv oppfylging av tenestemottakar i daglege aktivitetar, samarbeid med pårørande og andre aktuelle partar, planarbeid og rettleiing. Du vil arbeide både i avdelinga for avlasting til born og unge og i teneste til vaksne med nedsett funksjonsevne i omsorgsbustadar som ligg i same område. Du vil arbeide tett med teamleiar og andre tilsette for å bygge opp tenestene, fagsystem og kultur. 

Vi tilbyr turnus med døgnvakter og arbeid 4. kvar helg. Vi har årsturnus og er no i gang med planlegginga av årsturnus frå desember 2024. 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak og aktiviteter tilpassa den einskilde sitt behov 
  • Målretta miljøarbeid og burettleiing 
  • Legemiddelhandtering 
  • Legge til rette for at tenestemottakarane får tenester  med fagleg forsvarleg innhald etter vedtak 
  • Vere aktiv og framoverlent i fagleg utvikling
  • Ansvar for å utarbeide og halde vedlike tiltaksplaner og dokumentasjon i fagsystemet 
  • Koordinere tenester saman med tenestemottakarar og bidra til godt samarbeid med tenestemottakarar, pårørende, spesialisthelsetjenesten og andre aktuelle instanser
  • Rettleiing
  • Vi søker ein engasjert medarbeider som vil vere med å videreutvikle tenester og tilbod 
  • Medvirke til eit ope og positivt arbeidsmiljø, ha stå på vilje og godt humør 

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

  • Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing 
  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Gode datakunnskapar, kjennskap til Visma profil pasientjournalsystem er ønskjeleg
  • Ønskeleg med erfaring frå brukargruppa
  • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskaper i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i Norsk

Utdanning 

  • Fullført bachelor i Vernepleie
  • Sekundær fullført bachelor i sjukepleie

Personlege eigenskapar

  • Grunnleggande respekt for menneske og engasjement for tenester til personar med nedsett funksjonsevne
  • Stå roleg i krevjande situasjoner
  • Evne til å jobbe både i team og sjølvstendig
  • Ha stå på vilje og like utfordringar
  • Open, lojal og påliteleg
  • Omsorgsfull, trygg og stabil
  • Tilpasningsdyktig 
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Løysningsorientert, strukturert og tydeleg 
  • Medvirke til eit ope og positivt arbeidsmiljø der etisk refleksjon og fagutvikling står sterkt
  • God gjennomføringsevne

     

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Tillegg for turnusarbeidarar 
  • Årstunus med moglegheit for å påverke eiga arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Nye og moderne lokaler med fasiliteter som er planlagt for døgnturnus

Slik søkjer du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka «Søk stilling» på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Austevoll kommune orgnr: 976973860
Kort om arbeidsgiver

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Alle ferjesambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande!  

Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!
 

Gullsmedvegen bu og avlasting ligg tett på sentrum i Bekkjarvik. Det er enkel tilkomst med snøggbåt fra Bergen eller Sunnhordaland med fleire daglege avganger. Med bil tek det ca 30 minutt frå sambandet Hufthammar-Krokeide og 15 minutt frå Husavik-Sandvikvåg.

Lokala våre ligg fint plassert med utsikt til sjø og Bekkjarvik sentrum. Det er kort avstand til kjøpesenter, tilrettelagte turområder og leikeplassar. 

Webside https://www.austevoll.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted STOREBØ (Adresse: Birkelandsvegen 2 Postnr: 5392)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 4
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 29-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3e3939f4-6b28-415b-8d95-0d38e0488382
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/267011