Stillingsbeskrivelse

Published 18-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Vernepleiar eller sjukepleiar med fagansvar

Er du ute etter ny jobb? Ynskjer du faglege utfordringar, ein variert arbeidskvardag og moglegheit for å tenke nytt? Då kan dette vere jobben for nettopp deg!

Stillinga er planlagt med  arbeid på dagtid i vekedagane og arbeid for tida kvar 4. helg. Dette er ei nyoppretta stilling, etter intern endring i eininga og du får slik vere med på å forme og utvikle denne stillinga.

Bu- og rehabiliteringstenestene er ei eining med fire avdelingar, med fleire bueiningar til vaksne, barne -og avlastningtenester og avdeling for psykisk helse og rus. Denne stillinga gjeld primært fagansvar opp i mot dei ulike bueiningane. Fagansvaret vert delt med avdelingsleiarane og andre tilsette  med høgskuleutdanning. Arbeidsfordelinga og fokus kan verte endra i takt med behovet ved dei ulike avdelingane. Du vil mellom anna ha veiledning og arbeid opp i mot Kap. 9 i HOL, ansvar for utarbeiding av rutinar og prosedyrar, legemiddelhandtering, miljøterapeutisk og sjukepleiefagleg støtte og bistand elles. Oppstart så snart som mogleg og etter avtale med einingsleiar.

Arbeidsoppgåver

  • Ha ansvar for rutiner og system gjeldande legemiddelhandtering
  • Kunne bistå praktisk med legemiddelhandtering
  • Arbeide for og sikre at tenestene utfører dokumentasjon og journalføring i tråd med gjeldande lov og retningsliner
  • Arbeid med kvalitetsystem elles, prosedyrer og rutiner
  • Vere med å gi opplæring og rettleiing
  • Ansvar ift kap 9 i HOTL
  • Bistå dei ulike avdelingane fagleg og praktisk
  • Bistå dei ulike avdelingane med interne rutinar, prosedyrar og tiltaksplaner
  • Delta i nettverks- og utviklingsarbeid
  • Vere bidragsytar i personal- og fagmøter
  • Ulike oppgåver delegert frå avdelingleiarane og einingsleiar

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend vernepleiar eller sjukepleiar
  • Kunnskap om og erfaring med ulike funskjonsvariasjonar
  • Kunnskap om HOL kap. 9
  • Kompetanse og erfaring med å jobbe etter prinsippa i målretta miljøarbeid
  • Erfaring med åtferd som utfordrar, førebygging
  • God kjennskap og erfaring med arbeid opp mot brukergruppa
  • Minimum to års erfaring frå fagfeltet
  • Norsk er arbeidspråket til Sykkylven kommune. Du kommuniserer, les og skriv så godt norsk at du både kan samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig
  • Det er krav om tilfredstillande politiattest
  • Søkjar må ha førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du tek ansvar, er sjølvstendig og har god planleggingsevne
  • Du er målretta, kreativ og omstillingsdyktig
  • Du har fokus på godt samarbeid med kollegaer, brukarar, pårørande og andre interne og eksterne samarbeidspartar
  • Du er fagleg engasjert og evnar å omsette fag til praksis
  • Du har gode munnlege og skriftlege kommunikasjons og framstillingsevner
  • Du likar utfordringar og er handlings- og løysingsorientert
  • Du er oppteken av kvalitet og å sikre at praksis samsvarar med lokale og nasjonale retningsliner
  • Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Utviklingsorientert felleskap og kollegastøtte
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

 

Kontaktinformasjon

Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene

Arbeidsstad

Ura 9
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 4897322432
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

Webside http://www.sykkylven.kommune.no/
Bransje Salg og service
Yrke Salg, butikk- og varehandel
Sted SYKKYLVEN (Adresse: Ura 9 Postnr: 6230)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9060bcaa-5f5f-4716-85a8-05a078f7caec
IMPORTAPI