Vernepleiar 100%  – Alver kommune

Health and social care Vernepleier

(4 dager siden)

  • ISDALSTØ
  •  Lagt til dato: 10. november 2024
  •  Expire date: 25. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 10-11-2024
Deadline: 25-11-2024

 

Vernepleiar 100% 

Om stillinga

Som vernepleiar blir du ein viktig del av det aktive fagmiljøet på Stallanemarka burettslag. Du vil få ta del i utviklingsarbeid, systemarbeid, samt vere med i arbeidet med å implementere rettleiar: Gode helsetenester. Deler av stillinga inneber oppfølging av enkelte tenestemottakarar i det daglege. Det blir lagt opp til at stillinga vil få avsett noko kontortid på føremiddagen. Det er todelt turnus med arbeid kvar 4. helg med langvakter. Det er også nokre langvakter i vekedagane slik at turnusen har nokre periodar med langfri.

Du må trivast med å arbeide strukturert og variert, samt ha evne til å halde hovudet kaldt og vere løysingsorientert når det oppstår uforutsette situasjonar. Vi søkjer deg som likar ansvar, er fagleg engasjert og tek utfordringar på strak arm. Saman har vi som mål å levere tenester av høg fagleg kvalitet!

Dersom du syns dette høyrast spanande ut, og vil vere med i teamet som driv denne tenesta, vil vi gjerne høyre frå deg!

Krav til stillinga

  • Autorisert vernepleiar vil bli prioritert. Autoriserte sjukepleiar kan også søkje.
  • Andre med sosialfagleg eller pedagogisk utdanning kan vurderast om har relevant praksis frå habiliteringsfeltet. For søkjarar som ikkje er autorisert vernepleiar er det krav om dokumentert erfaring frå habiliteringsfeltet, inkludert erfaring med kapittel 9 og arbeid med nevrodiversitet.
  • Krav om minst 30 studiepoeng rettleia praksis i studietida.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, tilsvarande minimum nivå B2.
  • Grunnleggjande IKT-ferdigheiter.
  • Politiattest må leggjast fram før tiltreding, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.

Ønskelig kompetanse

Det er eit føremon om du har:

  • Erfaring med Kap. 9
  • MAP eller anna lavaffektiv tilnærmingsmetode
  • Utvida erfaring med autismespekter (nevrodivergent)
  • Kompetanse på Geriatri/somatikk

Me tilbyr

  • Fagleg spennande arbeid
  • Mentor som følger deg opp de første 6 månedene
  • Aktivt og dyktig tverrfaglig miljø
  • Årsturnus
  • Vernepleiarar i Alver kommune ligg 9000 over minstelønnsgarantien til KS. Sjukepleiarar i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS
  • Ein dynamisk og spennande arbeidshverdag med gode høve for å komme seg opp og frem i faget
  • Høve for langvakter i helg eller veke som ei prøveordning
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kven er du?

Du er initiativrik, stødig og har eit brennande engasjement for arbeid med menneske med utviklingshemming. Våre bebuarar har behov for positive, omsorgsfulle, sporty, engasjerte og strukturerte folk rundt seg. Hos oss er det fokus på innhaldsrike dagar med individuelt tilpassa tenester, tilrettelagt kommunikasjon og aktivitetar der bebuarane er i sentrum. Vi ønskjer deg som likar å arbeide med våre bebuarar, og som er god til å motivere for eit liv med variasjon, meistring og utvikling.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 988240818
Kort om arbeidsgiver

Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,

 og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Vernepleier
Sted ISDALSTØ (Adresse: Kvernhusmyrane 25 Postnr: 5914)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 25-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/24ecba96-8ff2-40b5-8fa0-d50b44c24586
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/269516