Varhaug skule treng vaksne i SFO – Hå kommune Varhaug skule

Education Barnehage og skolefritidsassistenter

(2 uker siden)

  • VARHAUG
  •  Lagt til dato: 17. juni 2024
  •  Expire date: 30. juni 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 17-06-2024
Deadline: 30-06-2024

 

Varhaug skule treng vaksne i SFO

SFO på Varhaug skule treng vikarar og ringevikarar til SFO framover.

Me søkjer engasjerte og trygge vaksne med eit brennande ønske om at elevane skal ha det gøy i SFO. Som vaksen i SFO er du med på å sørgja for eit trygt, godt og inkluderande miljø. Du tek del i aktiviteten med barn, både ute og inne. Me skal i lag med elevane bidra i eit lærande fellesskap. Me set også samarbeid med kollegaer og foreldre høgt på vår SFO.

På Varhaug SFO liker me å vera aktive både inne i gymsalen, eller ute på leikeplassen. Det blir fokus på turar i nærmiljøet, og på SFO-kokk ønskjer me at dei sunne matvarene skal vera presenterte. Me ønskjer også at kreativiteten hos elevane våre skal utfordrast i formingsaktivitetane me legg opp til.

Me håpar du som har nokre ekstra timar i veka ønskjer å søkja på vikar hos oss! Me gjev alle vikarane våre god oppfølging med eigen fadder. Me liker godt når nye personar utfordrar oss på korleis me gjer ting hos oss, slik at me kan bli betre.

Utdanna barne- og ungdomsarbeidarar er foretrukne, men me opnar også opp for andre å søkja. Dette kan kanskje kombinerast med studentlivet? Arbeidstidene er 14.00 – 16.00 på måndagar, onsdagar og torsdagar, 11.00 – 16.00 på tysdagar og 12.30 – 16.00 på fredagar. Ulike kombinasjonar av dagar er mogleg.

Tilsetjing kan skje forløpande.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hå kommune Varhaug skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har ca.19 800 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er «Me løfter i lag». Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Tilgjengelighetserklæring

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted VARHAUG (Adresse: Eikevegen 1 Postnr: 4360)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 6
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-06-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fd6bd5c2-b55f-4deb-a56a-c752c46fb441
IMPORTAPI