Uroterapeut/sjukepleiar med erfaring – Barne- og ungdomsklinikken, Helse Bergen

Health and social care Sykepleier

(2 dager siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 9. desember 2024
  •  Expire date: 3. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 09-12-2024
Deadline: 03-01-2025

 

Uroterapeut/sjukepleiar med erfaring

Vi har ledig 100% fast stilling som uroterapeut/sjukepleiar med erfaring ved uropoliklinikk for barn/seksjon for nyresjukdom og reumatologi. Vi ser etter deg med formell vidareutdanning innan uroterapi eller erfaring innan fagområdet. Stillinga er ledig frå snarast. 
 
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år. Vi er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus. 
 
Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og nyleg samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Dette gjer nye og spennande moglegheiter for framtida. 
 
BUK har 67 senger fordelt på fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for kontor, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab. I 2023 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar. 
 
Ved uropoliklinikk for barn, jobber du i team med sjukepleiarar og barnelegar for barn med dag- og nattinkontinens og andre blæreforstyrringar. Du vil inngå i ei engasjert kollegagruppe med fokus på fag, trivsel og samarbeid. 
 
Poliklinikken er tilhøyrande Medisin A med sengepost som dekker følgande fagseksjonar: endokrinologi nefrologi/revmatologi, nevrologi, gastroenterologi og ernæring.   

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, oppfølging og sjølvstendige konsultasjonar, undervisning og opplæring av barn og ungdom med dag- og nattinkontinens, urinveisinfeksjonar og andre blæreforstyrringar
  • Undervisning/ opplæring av barn/pårørande/personale ved behov for RIK 
  • Ansvar og oppdatering av prosedyrar knytta til nefro/uro 
  • Samarbeid med fagsjukepleiar 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning innan uroterapi 
  • Erfaring med fagfeltet kan erstatte formell vidareutdanning i uroterapi 
  • Erfaring med å jobbe med barn/familiar og interesse for, undervisning samt opplæring av pasientar og pårørande er ønskeleg 
  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar 

Personlege eigenskapar

  • Som søkar må du vere fagleg engasjert, sjølvstendig og ha evne til samarbeid 
  • Du må like å arbeide i høgt tempo og vere innstilt på endring 
  • Ha respekt for det enkelte medmenneske 
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø 

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb 
  • Opplæringsprogram med fadder 
  • Fagleg og personleg utvikling 
  • Godt arbeidsmiljø 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Merethe Smørholm, Seksjonsleiar, 94973092

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4894641174
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Barne- og ungdomsklinikken, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-b ergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/940d43c6-7d1e-411c-9dff-b9e6fb0134c9
IMPORTAPI