Stillingsbeskrivelse

Published 01-10-2024
Deadline: 20-10-2024

 

Ungdomsarbeidar ved Ål ungdomsfrivilligsentral

Vi søkjer etter ein engasjert ungdomsarbeider i Ål ungdomsfrivilligsentral i fyrste omgang fram til jul, men kan bli anledning til forelenging. Vi søkjer deg som trivst saman med barn og ungdom. Du må ha evne til å skape gode relasjonar og bidra til eit godt sosialt fellesskap der alle blir inkludert.

Arbeidsoppgåver:

  • hallUng ungdomsklubb
  • arbeidstid vil vere ettermiddag/kveld tysdag og torsdag

Kvalifikasjonar:
Ingen spesielle krav om utdanning, men gjerne erfaring frå arbeid med barn og unge.

Eigenskapar:
Det vert lagt vekt på personleg eigenskapar. Vi ønskjer at du:

  • har gode evner til å skape relasjonar
  • er ein trygg vaksen
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har pågangsmot og engasjement
  • er lojal og positiv
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • har evne til å arbeide sjølvstendig  
  • kan uttrykke seg godt på norsk

Vi tilbyr:

  • interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • godt arbeidsmiljø
  • lønn etter gjeldande tariffavtale

 Søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ål kommune Sentraladministrasjon orgnr:
Kort om arbeidsgiver Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små.
I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg.
Oppvekstsektoren arbeidar med, betre læring, tverrfagleg arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av det pedagogiske arbeidet.
Helse og omsorgssektoren driv spanande prosjekter, som sett dagsaktuelle tema i fokus, velferdsteknologi, aldersvennlege samfunn, fagutvikling for autorisert helsepersonell.
Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal.
Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med kortreist og ein enkel kvardag.
Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!
Webside
Bransje Industri og produksjon
Yrke Maskinteknikk og mekanikk
Sted ÅL (Adresse: Torget 1 Postnr: 3570)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0ad448a6-482f-435e-a414-399b1c44f3ad
IMPORTAPI