Stillingsbeskrivelse
Published 06-01-2025
Deadline: 31-01-2025
Ung i Helse
Om stillinga
Sveio omsorgssenter har 3 avdelingar, kjøkkendrift og reinhald/vaskeri. Me har hatt gode erfaringar med Ung i Helse dei siste 2 ferieavviklingane og ønskjer no å innføra dette fast på helg. Me ynskjer difor deg for å bidra til å gi gode tenester gjennom heile året!
Arbeidstid vil vere frå kl 8.00 til kl 13.00, og stillinga er 2.kvar helg.
Det vil ikkje vere stell av pasientar, men oppgåver knytt til måltid, sosiale situasjonar, ulike aktivitetar med pasientane og anna førefallande arbeid.
Arbeidsoppgåver
Oppgåver knytt til måltid, sosiale situasjonar, ulike aktivitetar med pasientane og anna førefallande arbeid.
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg bakgrunn er ein fordel for stillingar innan omsorg, td at du går på helsefagleg linje på vidaregåande
- Andre med interesse for området kan også søkja
- Du må vera mellom 16 og 18 år
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
- Det er krav om tilfredsstillande politiattest for personell som blir tilsett i helse- og omsorgsteneste (arbeidsgjevar hjelper med dette)
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig
- Lojal, punktleg og pliktoppfyllande
- Fokus på kvalitet i tenesta
- Fleksibel og løysningsorientert
Vi tilbyr
- Arbeidserfaring
- Løn iht til gjeldande avtaler
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Sveio kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar. |
Webside | https://www.sveio.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsefagarbeider |
Sted | SVEIO (Adresse: Løkjavegen 35 Postnr: 5550) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 6 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-01-2025 |