Undervisningsstilling – Vestnes kommune Helland ungdomsskule

Education Grunnskole

(2 uker siden)

  • TRESFJORD
  •  Lagt til dato: 9. september 2024
  •  Expire date: 10. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 09-09-2024
Deadline: 10-10-2024

 

Undervisningsstilling

Informasjon
Det er ledig 34% undervisningsstilling i musikk ved Helland ungdomsskule. Undervisninga er lagt til dei to siste øktene på torsdag (2 klokketimar) og fredag frå 09:20 og ut dagen (2 x 2 klokketimar) undervisnnga er på 10.steg

Helland ungdomsskule ligg midlertidig plassert i vakre Tresfjord omlag 15 km frå Vestnes sentrum. Dette skuleåret er det omlag 161 elevar fordelt på 7 undervisningsgrupper. Vi har eit godt kvalifisert personale på om lag 30 personar som jobbar i tre team rundt årsstega. 

Arbeidsoppgåver
– undervisning og rettleiing av elevar
– vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
– motivere elevane til innsats for eiga læring
– tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
– samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
– rettleie elevar fagleg og sosialt

Kvalifikasjonar
– beherske norsk munnleg og skriftleg. Det er ønskeleg med norsk på nivå B2.
– ha god kommunikasjonsevne
– digital kompetanse
– bidra til teamutvikling
– engasjert og fagleg dyktig
– det blir stilt krav om politiattest
– det vert særskilt stilt krav til allmennlærarutdanning, men tilsvarande pedagogisk utdanning vil også bli vurdert
– personlege eigenskapar vil og bli vektlagt som til dømes å kunne bygge gode relasjonar med elevane.

Personlege eigenskapar
– kan jobbe sjølvstendig og strukturert
– er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
– kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
– har fokus på klasseleiing
– opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
– er løysingsfokusert og utviklingsorientert
– er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne

Vi tilbyr
– eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
– ein arbeidsplass med fokus på samhandling rundt våre elevar
– løn i høve gjeldande avtaleverk
– ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
– gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju. Intervjuet kan gjerast på Teams om det er naudsynt. 

Referansar
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vestnes kommune Helland ungdomsskule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Helland ungdomsskule har 160 elevar frå 8.-10. steg. Skulen er midlertidig lokalisert i Tresfjord.
Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted TRESFJORD (Adresse: Skulebakken 1 Postnr: 6391)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5468dc3c-c06b-4826-afc5-2b5ddc5e625b
IMPORTAPI