Stillingsbeskrivelse

Published 19-10-2024
Deadline: 01-11-2024

 

Undervisningsstilling teknologi- og industrifag – fast

Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfagleg utdanning. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 850 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi- og industrifag, Sal, service og reiseliv, samt Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Skulen tilbyr også opplæring for vaksne og me har kursverksemd i forskjellige fag.

Stord vidaregåande skule skal hausten 2025 starte opp alle yrkesfag i den nye skulen som vert bygd på Vabakkjen. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skapa eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper.

Skulen har ledig ei 100 % fast stilling innan teknologi- og industrifag (mekaniske fag). Me søkjer deg som har interesse for teknologifaget, gjerne med bakgrunn frå industri eller liknande. Me ser etter deg som kan vera ein tydeleg vaksen og god rollemodell for ungdom.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggja, gjennomføra og evaluera undervisning
  • Samarbeida med andre på skulen
  • Kontakt og samarbeid med næringsliv i regionen

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer deg som har bakgrunn frå teknologi- og indistrifag, gjerne erfaring med opplæring av andre.
  • Fagbrev/sveinebrev i det aktuelle faget, samt 4 års yrkespraksis etter fullført utdanning 
  • Alle undervisningsstillingar krev relevant fagleg og praktisk utdanning. Fylkeskommunen legg til rette for å ta yrkesteori og pedagogikk i stillinga. Søkjarar som ikkje oppfyller krava, kan tilsetjast på vilkår. 
  • Den som vert tilsett i Vestland fylkeskommune må leggja fram godkjent politiattest. 
  • Alle nytilsette i Vestland fylkeskommune får ei prøvetid på 6 månader

Personlege eigenskapar

  • Har gode evner til å kommunisera, rettleia og motivera
  • Kan arbeida både sjølvstendig og saman med andre
  • Likar å omgåast ungdom
  • Er systematisk og nøyaktig

Vi tilbyr

  • Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
  • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Engasjert fag- og arbeidsmiljø
  • Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer

 

Kontaktinformasjon

Per Inge Stensletten, avdelingsleiar, 99453450

Arbeidsstad

Saghaugen 3
5411 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4873184893
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver STO – STORD VGS, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Videregående skole
Sted STORD (Adresse: Saghaugen 3 Postnr: 5411)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3a43c5e5-a739-4d05-83e4-90d3832f8c86
IMPORTAPI