Undervisningsstilling teknologi- og industrifag – fast – STO – STORD VGS, Vestland fylkeskommune
Education Videregaende skole(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 02-12-2024
Deadline: 18-12-2024
Undervisningsstilling teknologi- og industrifag – fast
Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfagleg utdanning. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 850 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi- og industrifag, Sal, service og reiseliv, samt Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Skulen tilbyr også opplæring for vaksne og me har kursverksemd i forskjellige fag.
Stord vidaregåande skule skal hausten 2025 starte opp alle yrkesfag i den nye skulen som vert bygd på Vabakkjen. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skapa eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper.
Skulen har ledig ei 100 % fast stilling innan teknologi- og industrifag (mekaniske fag). Me søkjer deg som har interesse for teknologifaget, gjerne med bakgrunn frå industri eller liknande. Me ser etter deg som kan vera ein tydeleg vaksen og god rollemodell for ungdom.
Arbeidsoppgåver
- Planleggja, gjennomføra og evaluera undervisning
- Samarbeida med andre på skulen
- Kontakt og samarbeid med næringsliv i regionen
Kvalifikasjonar
- Me søkjer deg som har bakgrunn frå teknologi- og indistrifag, gjerne erfaring med opplæring av andre.
- Fagbrev/sveinebrev i det aktuelle faget, samt 4 års yrkespraksis etter fullført utdanning
- Alle undervisningsstillingar krev relevant fagleg og praktisk utdanning. Fylkeskommunen legg til rette for å ta yrkesteori og pedagogikk i stillinga. Søkjarar som ikkje oppfyller krava, kan tilsetjast på vilkår.
- Den som vert tilsett i Vestland fylkeskommune må leggja fram godkjent politiattest.
- Alle nytilsette i Vestland fylkeskommune får ei prøvetid på 6 månader
Personlege eigenskapar
- Har gode evner til å kommunisera, rettleia og motivera
- Kan arbeida både sjølvstendig og saman med andre
- Likar å omgåast ungdom
- Er systematisk og nøyaktig
Vi tilbyr
- Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
- Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Engasjert fag- og arbeidsmiljø
- Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer
Kontaktinformasjon
Per Inge Stensletten, avdelingsleiar, 99453450
Arbeidsstad
Saghaugen 3
5411 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4892747781
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.12.2024
DIVERSE INFO