Undervisningsstilling i tysk – BERGEN KATEDRALSKOLE, Vestland fylkeskommune

Education Videregaende skole

(1 uke siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 19. mars 2025
  •  Expire date: 6. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 19-03-2025
Deadline: 06-04-2025

Undervisningsstilling i tysk

 

Er du ein pedagog med eit hjarte for at kvar enkelt kan få vere den dei er og utvikle seg som menneske både fagleg og sosialt?
Ynskjer du jobbe på ein skule med lange tradisjonar, der det er eit godt fagleg miljø og stort samfunnsengasjement hos både hos elevar og tilsette?
Da kan Bergen katedralskole vere staden for deg!

Bergen katedralskole vart grunnlagd i 1153 og er med det ein av dei eldste skulene i landet. Skulen har om lag 1300 elevar fordelt på tre stader i Bergen sentrum og tilbyr følgjande:

  • Studiespesialiserande utdanningsprogram med programfag knytt til realfag og språk, samfunnsfag og økonomi
  • IBDP – International Baccalaureate Diploma Programmme 
  • Innføringstilbod for minoritetspråklege elevar og eigen klasse for minoritetspråklege på Vg1 
  • Kyrre – eit tilbod for elevar med behov for særskild tilrettelegging
  • Vaksenopplæring innanfor studiespesialisering

 

Frå 1.8.2025 har Bergen Katedralskole ledig eit vikariat i 27% i tysk

Arbeidsoppgåver

Undervisning på dagtid i tysk for Studiespesialiserande utdanningsprogram

Kvalifikasjonar

Formell undervisningskompetanse i tysk

Pedagogisk utdanning

Gyldig politiattest

Vi søkjer etter deg som

– har eit stort engasjement for fag og formidling

– har evna til å inspirere og motivere elevane

– har gode samabeidsevner og bidreg til gode relasjonar

– har god munnleg og skriftleg framstillingsevne'

Vi tilbyr

Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med engasjerte elevar og tilsette

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk

Kontaktinformasjon

Ina Charlotte Misje, avdelingsleiar, 40236073

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4941184808
Stillingsprosent: 27%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 06.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver BERGEN KATEDRALSKOLE, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Videregående skole
Sted BERGEN (Adresse: Postnr: 5036)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2025
Søknadsfrist 06-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/020b4441-9331-4bc2-8b6f-d019cfd781de
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31