Stillingsbeskrivelse

Published 16-12-2024
Deadline: 01-03-2025

 

Ullensvang kommune søker trainee: Byggingeniør

Arbeidsoppgåver:

  • Følge opp energieffektiv og miljøvennlig drift av kommunens bygg
  • Gjennomføre, systematisere, og tilrettelegge for målstyring av drift og verdibevarende vedlikehold
  • Ansvar for drift og optimalisering av tekniske system for adgangskontroll, byggautomasjon, energioppfølgingssystem (EOS) osv.
  • Gjennomføre risikovurderingar
  • Rapportere resultat frå målstyrt drift
  • Innkjøp av varer og tenester
  • Inngå og følge opp servicekontraktar og garantiforpliktelsar
  • Prosjektleiing og utforming av tilbudsgrunnlag til nye prosjekt

Her får du jobbe tett med erfarne kollegaer med høg kompetanse. Det er ikkje uvanleg at vi samlar oss for å lage vafler eller ete eplekake midt i ein travel arbeidsdag – for i tillegg til å jobbe hardt, veit vi kor viktig det er å ta vare på kvarandre.

Du kjem til å sitje saman med andre ingeniørar og fagpersonar i eit ope kontorlandskap på Hjøllo, berre ein kort spasertur frå sentrum av Odda. Her jobbar vi saman på tvers av avdelingar som vatn og avløp, byggdrift, veg og park – noko som skapar gode muligheiter for å lære av kvarandre.

Som ein av årets traineear seier: Om du vil utrette ein forskjell må du komme til ein mindre plass, det er her stemma di betyr noko.

Vi tilbyr

  • Spanande arbeidsoppgåver med stort potensiale for utvikling
  • Meiningsfylte og interessante arbeidsoppgåver i utøvinga av eit viktig samfunnsoppdrag
  • Jobb i ein attraktiv kommune med eit variert fritidstilbod
  • Løn etter avtale
  • Ullensvang kommune har fleksibel arbeidstid, gode permisjons- og pensjonsvilkår og fokus på nærværsarbeid.
  • Lev ditt beste liv i Noregs friluftshovudstad

Ikkje for å skryte, men vi kan ikkje la vere: I Ullensvang er vegen til verdas vakraste naturopplevingar kort, uansett om du vil gå i høgfjellet eller slappe av ved fjorden. Turisme, siderproduksjon og industri blomstrar, og til deg som likar det litt meir urbane kan vi skilte med at vi har våre eigen Michelinkokk i Odda og badstue i Sørfjorden!

Kven kan vel seie nei til å byte rushtrafikk mot rolege morgonar, bystress mot frisk fjelluft, og tronge kontorlandskap mot eit sosialt fellesskap?

Vi ser etter deg som har lyst til å skape, bidra og lære. Du som vil starte karriera di på ein stad der du ikkje berre er ein arbeidstakar, men ein ressurs. Så, kva seier du? Skal du bli med på laget vårt i Ullensvang kommune?

Søk no, og start karrieren din på beste vis!

Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram

Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Krav til norskkunnskap: B1

Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.

Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:

“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.”

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Framtidsfylket AS orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.

Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!

 Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.

Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.

Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!

Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.

Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.

Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.

Les meir på Framtidsfylket.no

Webside https://www.framtidsfylket.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted ODDA (Adresse: Opheimsgt. 31 Postnr: 5750)
Stillingstype Trainee Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8b624e32-7a46-47c8-9141-537e1ee5cb05
IMPORTAPI
https://karriere.no/jobb/ullensvang-kommune-soker-trainee-byggingenior-5990242