Stillingsbeskrivelse

Published 27-06-2024
Deadline: 15-07-2024

 

Tusenfryd barnehage, Stranda søker etter FAGARBEIDAR/ PEDAGOGISK ASSISTENT – 100% vikarstilling i perioden 01.09.24- 31.07.25

Hva vi ser etter

++Personlege eigenskapar:++

• Faglege ambisjonar og hjarte for det du driv med

• Gode kommunikasjons- og formidlingsevner

• Relasjonsorientert med gode samarbeidsevner

• Evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barns leik og utvikling

• Løysingsorientert og fleksibel

• Identifiserer deg med Tusenfryd barnehage sine verdiar

• Høgt engasjement og ei positiv haldning

Arbeidsoppgaver

Kvalifikasjonar:

• Godkjend utdanning som fagarbeidar er ønskeleg, men andre kan også søke

• Erfaring frå barnehage er ønskeleg

• Du må ha god relasjonskompetanse, vere ein vaksen som ser enkeltbarnet, høyrer og bryr deg om kva barna ønsker å formidle

  • Du er sjølvstendig og kan leie barnegrupper

• Du må ha god helse, slik at du kan vere ein aktiv vaksen saman med barna både i leik og fysisk aktivitet

• Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg https://www.udir.no/regelverkstolkninger/barnehage/lov-om-barnehager-barnehageloven/kapittel-vi-personalet/-27.-krav-om-norskferdigheter-for-a-bli-ansatt-i-barnehage/

Ved tilsetting må politiattest leggjast fram.

Vi tilbyr

++Tusenfryd barnehage:++

• Foreldreeigd andelsbarnehage med 3 avdelingar for barn i alderen 0-6 år

• Har i alt ca.15 årsverk/ 17 tilsette

• Har ei stabil og innovativ personalgruppe med fokus på profesjonalitet, engasjement, omsorg og glede

  • har stort arbeidsnærvær

• Er medlem i PBL-A, og har lønns- og pensjonsavtalar i henhold til deira tariffavtale

• Har eigen kjøkkenhjelp

• Ligg midt i byggefeltet Langlo III og har kort veg til eigen naturleikeplass med grillhytte og lavvo i skogen

• Satsingsområde: Vaksenrolla i leiken og tilrettelegging av inspirerande og varierte leikemiljø

• Utviklingsarbeid: Fokus på den autoritative vaksenrolla

• Spørsmål om stillingane kan rettast til styrar, Gro Anita Rjånes

Mail: ++gro@tusenfrydbarnehage.no++

Tlf: 46 63 09 90

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tusenfryd Barnehage Stranda Sa orgnr: 976343859
Kort om arbeidsgiver

Tusenfryd barnehage SA er ein foreldreeigd andelsbarnehage med 3 avdelingar for barn i alderen 0-6 år. Barnehagen ligg fint til i solhellinga i byggefeltet Laglo III på Stranda. Vi har nyleg opparbeida uteområdet vårt, barnehagebygga er fine og innbydande og vi har kort veg til naturleikeplassar. Vi har vår eigen barnehageskog med gapahuk og lavvo som vert flittig brukt, sommar som vinter.

Webside https://www.tusenfrydbarnehage.no/
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted STRANDA (Adresse: Tegane 24 Postnr: 6200)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse 02-09-2024
Søknadsfrist 15-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/04952ec3-2482-4d2e-95a6-6bf8af069620
Stillingsregistrering