Tranevågen ungdomsskule – Øygarden kommune Tranevågen ungdomsskule
Education Instruktorer og pedagoger(15 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 06-11-2024
Deadline: 21-11-2024
Tranevågen ungdomsskule
I samarbeid med Vestland Fylkeskommune har Tranevågen ungdomsskule ledig stilling som spesialpedagog i 100% stilling.
Om skulen:
Tranevågen ungdomsskule ligg på Ågotnes midt i Øygarden kommune. Skulen har i underkant av 400 elevar, og har omtrent 60 tilsette. Tranevågen har eit innføringstilbod for minoritetsspråklege elevar og har ei lita avdeling som arbeider spesielt med elevar med ekstraordinære behov.
Tranevågen ungdomsskule legg vekt på at alle elevar og tilsette skal oppleve meistring og vekst. Skulen har derfor over lengre tid vore kjend for å ha eit godt arbeidsmiljø, og trivselen har vore god blant elevane.
Leiarteamet består av kontorkonsulent, tre avdelingsleiarar og rektor. Vi er opptatt av god samhandling i alle ledd, der ein drar nytte av kvarandre sine styrkar.
For tida som kjem må vi arbeide førebyggjande opp mot elevar som har ulike utfordringar og treng ei anna tilnærming til skulekvardagen enn fleirtalet av dei andre elevane. Vi søker no etter ein spesialpedagog i 100% frå snarast.
Arbeidsoppgåver:
- Planlegge og gjennomføre spesialundervising, hovudsakleg ein til ein.
- Gje spesialpedagogisk rettleiing til kollegaer
- Ansvar for å koordinere skuletilbodet til gitte enkeltelevar
- Vere bindeledd mellom skule og andre instansar
Kvalifikasjonar:
- Godkjent lærarutdanning frå universitet eller høgskule med fordjuping i spesialpedagogikk
- Erfaring med å jobbe med ungdomar som har sosioemosjonelle vanskar.
- God framstillingsevne munnleg og skriftleg
- Gode digitale ferdigheiter
- Godkjend politiattest.
Ønskjeleg med:
- Aart-sertifisering
Personlege eigenskapar:
- God relasjon -og kontekstkompetanse
- Engasjert og løysningsorientert
- Likar å samhandle med andre, og få til ting i lag
- Pliktoppfyllande og punktleg
- Er fleksibel ihht kor undervising skal skje.
- Er ein lojal lagspelar
- kan takle høgt arbeidspress og ulike utfordrande situasjonar med elevar
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Martha Helen Listou
Rektor, Tranevågen ungdomsskule
Tlf.: 56 09 63 02/ 90 61 29 82
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO