Trainee – Har du GIS-kompetanse og er interessert i kultur og folkehelse? – KFO – Fysisk aktivitet og inkludering, Vestland fylkeskommune
Construction Arealplanlegging og arkitektur(5 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 01-12-2024
Deadline: 06-01-2025
Trainee – Har du GIS-kompetanse og er interessert i kultur og folkehelse?
Er du nyutdanna, har kompetanse innan GIS og ynskjer deg relevant arbeidserfaring? Då er treng me i fageining for idrett og friluftsliv i Vestland fylkeskommune deg! Me har ledig ein eittårig traineestilling med oppstart hausten 2025 der du vil få spanande arbeidsoppgåver i eit framoverlent arbeidsfellesskap.
Korleis vil arbeidsdagen din sjå ut?
Som trainee hjå oss vil du få mange spanande oppgåver, mellom anna innan utarbeiding av kart til bruk på nettsider og i fysiske og digitale produksjonar. Du vil bidra med kartteknisk kompetanse i ulike fylkeskommunale prosjekt t.d. ro- og padleruter Vestland, friluftslivets ferdselsårer, kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde. Du vil også vere med å revidere og utvikle fylkeskommunen sine temalag om kulturminne og friluftsliv i Fylkesatlas.
Du vil få ansvar for å produsere kart og framstillingar av kartinformasjon, og syte for at dette vert gjort på ein visuelt god måte. Det kan både dreie seg om enkle kartframstillingar til bruk i presentasjonar og på nettisder og større karttekniske oppgåver der det vert stilt krav om kompetanse innan GIS-program som ArcGIS eller QGIS.
I seksjonen samarbeidar me mykje på tvers av faggrupper. I tillegg til idrett og friluftsliv har seksjonen ansvaret for mellom anna e-sport, gaming, folkehelse og integrering, og du vil få bidra med kompetansen din inn i desse fagområda.
Etter eit år som trainee hjå oss vil du sitte att med verdifull kompetanse og erfaring som kjem deg godt til nytte seinare i arbeidslivet.
Kven ser me etter?
Verdiane i Vestland fylkeksommune handlar om at me er opne, ærlege og kompetente i arbeidet vårt – og her passar du godt inn. Du er også systematisk, tek initiativ og fullfører det du byrjar på. Ettersom me verdset samarbeid er du er ein lagspelar og fungerer godt i teamarbeid. Du har stor arbeidskapasitet, evner å inspirere og representerer fagområdet godt i ulike samanhengar.
I tillegg har du
- høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelornivå
- maks tre års relevant arbeidserfaring
- Kunnskap om og erfaring med bruk av GIS-verktøy (QGIS/ Arc GIS Pro)
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God forståing av digitale verktøy og generelt god IKT-kunnskap
Det er også ein fordel om du har erfaring med grafiske programverktøy, som til dømes Indesign og/eller Illustrator.
Kva kan me tilby deg?
Som trainee hjå oss står du på lik linje med ordinære tilsette. Me ynskjer å gje deg ein god start på karrieren og tilbyr difor fadderordning og fagleg mentor. Du vil bli ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass med eit breitt mangfal blant kollegaane. Me trivast godt i lag og har det kjekt på jobb! Du vil også få gode mogelegheiter for kompetanseheving; både gjennom deltaking på Trainee Vest sine samlingar, men også gjennom interne traineesamlingar og kursing.
Me har fleksitidsordning og nye moderne lokale i Bergen sentrum med mellom anna innandørs sykkelparkering, treningslokale og kantine. Du vil få løn etter avtale.
Og, du? Det er aldri for tidleg å planlegge for pensjonistlivet. Heldigvis har Vestland fylkeskommune gode pensjons- og forsikringsordningar!
Kven er me?
Fageining for idrett og friluftsliv er plassert i seksjon for fysisk aktivitet og folkehelse. Seksjonen jobbar for å gjere det lett for alle i fylket å vere fysisk aktive kvar dag. Fylkeskommunen har ei rådgjevande rolle ovanfor både kommunar og lag og organisasjonar. Eit godt kunnskapsgrunnlag, god planforankring, samhandling mellom offentleg, frivillig og privat sektor på ulike nivå kombinert med ei brei medverknad frå innbyggarar er avgjerande for å kunne møte framtidas behov.
Me er ei IA-verksemd, som betyr at både arbeidsgjevar og dei tilsette pliktar seg til systematisk samarbeid for å oppnå eit meir inkluderande arbeidmiljø. Vestland fylkeskommune er sertifisert innan likestilt arbeidsliv.
Anna informasjon
Arbeidsstad er Vestlandshuset i Bergen.
Traineestilling hjå oss føreset deltaking i Trainee Vest/Bergen Næringsråd sitt traineeprogram og Vestland fylkeskommune sine eigne traineesamlingar. Oppstartsdato for traineestilling føljer Trainee Vest sitt årshjul.
Kontaktinformasjon
Anders Søyland, Seniorrådgjevar, 40427671, Anders.Soyland@vlfk.no
Hanne Espe, Leiar fageining idrett og friluftsliv, 99769453, Hanne.Marthe.Espe@vlfk.no
Britt Karen Spjeld, seksjonssjef, 45666326
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4888283791
Stillingsprosent: 100%
Trainee
Søknadsfrist: 06.01.2025
DIVERSE INFO