Tospråkleg lærer arabisk/norsk – Bryne skule, Time kommune

Education Videregaende skole

(6 dager siden)

  • BRYNE
  •  Lagt til dato: 18. september 2024
  •  Expire date: 1. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 18-09-2024
Deadline: 01-10-2024

 

Tospråkleg lærer arabisk/norsk

Bryne skule er ein flott sentrumsskule sentralt plassert midt i Bryne. Totalt har skulen omlag 500 elevar og i overkant av 80 tilsette.

Det er enkelt å nytta offentleg transport (buss/tog) for å koma til og frå Bryne.

Arbeidsoppgåver

Tospråkleg opplæring i fag/morsmål etter § 3.6 i Opplæringslova.  
Undervisning for elevar i innføringsopplæring og grunnskule. Hovudsakleg undervisning på 1.-7.trinn. Undervisning på ungdomstrinnet ved behov. 

  • Sjå og møta den enkelte elev der han/ho er
  • Arbeida systematisk for å få eleven til å oppleva meistring og framgang
  • Samarbeida godt og spela på lag med andre (lærarar på fleire skular) 
  • Planlegga og gjennomføra god undervisning
  • Kartleggjaog skriva rapportar
  • Delta i skulen sitt utviklingsarbeid og profesjonsfellesskap i obligatorisk møtetid
  • Brubyggar mellom språk og kulturar, mellom elev, skule, heim og andre samarbeidspartar

Arbeidsplassen er for tida på Bryne skule, men stillinga høyrer til under fagstab Oppvekst og arbeidsplass kan endra seg.

Kvalifikasjonar

Godkjenning frå Utdanningsdirektoratet. Eller: § 12-10.

Krav for å bli tilsett i stilling som morsmålslærar:

  • Ein morsmålslærar med eit anna morsmål enn eleven må ha bestått universitets- eller høgskoleutdanning med totalt minst 90 studiepoeng i eleven sitt språk
  • Læraren må også ha pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1
  • Læraren må ha god kjennskap til den kulturelle bakgrunnen til eleven
  • Ein morsmålslærar med same morsmål som eleven må dokumentera gode norskkunnskapar

I tillegg må læraren ha bestått ei av følgjande utdanningar:

  • Universitets- og høgskoleutdanning som omfattar språket og kulturen til eleven i eit omfang på minst eitt og eit halvt år, og som har ei samla lengd på minst tre år,      inklusive pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1
  • Lærarutdanning på morsmålet til eleven eller frå heimlandet til eleven
  • Treårig lærarutdanning for tospråklege lærarar

I tillegg er det ønskeleg med:

  • Norskferdigheiter på minst B2 nivå skal vera dokumentert. Dokumentasjon skal leggast ved søknaden
  • Gode ferdigheiter i morsmålet. Skriftleg og munnleg
  • Søkar må ha kunnskap om opplæring og kunnskap om norske læreplanar og det norske skulesystemet 
  • Erfaring frå tospråkleg fagopplæring  blir vektlagt 
  • Erfaring frå tverrfaglege samarbeid 

Personlege eigenskapar

Me søker etter deg som har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og som kan leia elevar si læring og utvikling. Du er sjølvstendig, strukturert, fleksibel og løysingsorientert. Du løftar eleven si stemme og representerer skulen som profesjonell. Du er ein tydeleg klasseleiar. Du motiverer og er engasjert. Du er oppteken av nyankomne elevar sin opplæringssituasjon her og nå,  men ser samtidig framover i opplæringsløpet.   

Ved tilsetting legg me vekt på at du er eigna for stillinga.

Me tilbyr

  • Lønn etter tariff og kvalifikasjonar
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Ein spennande arbeidsplass med mangfald
  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver 

Kontaktinformasjon

Jone Siqveland, rektor

Arbeidsstad

Ola Barkveds veg
 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 4861040041
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bryne skule, Time kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Webside http://www.time.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Videregående skole
Sted BRYNE (Adresse: Ola Barkveds veg Postnr: 4340)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3360aa22-8bdb-4e8c-8ec1-f79a35e80a82
IMPORTAPI