To sommarvikarar på innbyggjarservice – Alver kommune

(1 uke siden)

  • ISDALSTØ
  •  Lagt til dato: 20. mars 2025
  •  Expire date: 7. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 20-03-2025
Deadline: 07-04-2025

To sommarvikarar på innbyggjarservice

Om stillinga

Vi treng to sommarvikarar frå midten av juni til midten av august. 

Om oss

Innbyggjarservice er kommunen sitt ansikt utad. Vi svarar på spørsmål og rettleiar innbyggjarane  når dei besøker, ringer eller tar kontakt med oss via digitale kanalar . 

Vi har for tida resepsjon på senteret i Amfi Knarvik.

Arbeidsoppgåver

Kvar dag ønskjer fleire hundre innbyggjarar å få kontakt med tilsette i kommunen. Vår viktigaste oppgåve er å sikre at dei som besøker, ringer eller tar kontakt med oss via digitale kanalar får den hjelpa dei treng. 

Målet vårt er å skape gode møte. Vi skal bidra til at innbyggjarane opplever at Alver er ein open og imøtekommande kommune.

Er du den rette? 

Du har fullført vidaregåande skule. Det hadde vore interessant om du studerer eller er i ferd med å avslutte relevant utdanning – gjerne fagbrev innan kontor- og administrasjonsfaget.

Du har sertifikat og tilgang på bil, om du treng det for kome til og frå arbeid i Knarvik.

Vi legg stor vekt på dei personlege eigenskapane dine i rekrutteringa.

  • Du har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.
  • Du er god til å finne riktig informasjon og vidareformidle den på ein enkel måte.
  • Du har godt humør, er omgjengeleg og har ei naturleg serviceinnstilling.
  • Du har motivasjon og evne til å ta i bruk digitale verktøy og tileigne deg ny kunnskap.
  • Du er løysingsorientert og trivst i eit miljø med høg fart og mange oppgåver.
  • Vi jobbar i team. Det er difor ein føresetnad at dette er ein arbeidsform du handterer og trivst med.

Vi tilbyr

Du vil få opplæring i telefonsystemet vårt og andre nødvendige fagsystem.

Du vil bli del av eit dyktig og humørfylt team, som strekker seg langt for innbyggjarane i kommunen.

Løn etter gjeldande tariffavtale.

Vi er Alver!

Sjå filmen om tenestene i kommunen vår.

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 974551578
Kort om arbeidsgiver

Alver kommune er ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

Kommunen er ein av dei største i fylket. Vi er arbeidsgivar for 2.700 tilsette og tenesteleverandør til 30.000 innbyggjarar. 

Alver kommune ligg nord for Bergen. Her kan du nyte ein variert natur natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekke utandørs opplevingar.

Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

På laget vårt vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke kompetansen din til å gjere ein forskjell og forme framtida til kommunen. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan utvikle deg. 

Alver kommune er ein nynorskkommune. 

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted ISDALSTØ (Adresse: Kvernhusmyrane 25 Postnr: 5914)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/11aac629-cbb6-4c31-8a75-9e56c01d12f0
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/277281

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31