Tilretteleggingsressurs i barnehage – Oppvekst, Kvam herad

Education Forskolelaerer

(1 uke siden)

  • ØYSTESE
  •  Lagt til dato: 25. september 2024
  •  Expire date: 10. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 25-09-2024
Deadline: 10-10-2024

 

Tilretteleggingsressurs i barnehage

Me søkjer deg som vil jobba som tilretteleggingsressurs i barnehage

Bjørketeigen barnehage har to ledige stillingar som tilretteleggingsressurs for to barn. Dette er jobb for deg som søkjer nye utfordringar og oppgåver. Stillingane er ledige frå snarast til 31.07.25. Det kan bli moglegheit for forlenging.

Ein tilretteleggingsressurs skal vera ei støtte for barnet i barnehagen. Barnet skal ta del i heile barnehagedagen og tilretteleggingsressursen skal sikra eit eigna og individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. 

Arbeidsoppgåver

  • Bidra aktivt til at barn med nedsatt funksjonsevne får oppleva meistring og blir inkludert i barnegruppa
  • Ansvar for medisinering og utstyr
  • Ansvar for dokumentering av arbeidet
  • Vera ein trygg vaksen
  • Samarbeida med kollegaer
  • Samarbeida med foreldre og eventuelle eksterne samarbeidspartar
  • Motta og følga opp rettleiing 
  • Bidra til godt arbeidsmiljø
  • Delta i avdelingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Ynskjeleg med helsefagleg utdanning med kompetanse i diabetes type 1 i den eine stillinga
  • Utdanning innan barnehage i den andre stillinga, anna yrkeserfaring og utdanning kan vurderast
  • Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Bestått A2 i skriftleg framstilling og B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

Ved nytilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden.
Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar. Legg gjerne dette inn saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

  • Du må vera ein trygg vaksen. Det er viktig med god relasjon til barnet og godt samarbeid med foreldre. Det blir gjeve opplæring ved oppstart.

Vidare ynskjer me at du: 

  • Er pliktoppfyllande og stabil
  • Er komfortabel med utfordringar og er interessert i å læra 
  • Har godt humør og positiv innstilling 
  • Møter born, kollegaer og føresette med respekt
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Har eit positivt barnesyn: «Barn gjer så godt dei kan» 

Me tilbyr

  • Opplæring
  • Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar

    Generell informasjon:
    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Kontaktinformasjon

Ann-Kristin Strømme Bråten, Styrar Bjørketeigen barnehage, 46806904
Ingunn Mo, Leiar for barnehage, +47 997 38 755

Arbeidsstad

 Øystese

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 4863230111
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 10.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Oppvekst, Kvam herad orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Oppdag Kvam – framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av  regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam – i hjarta av Hardanger! Les meir

Webside http://www.kvam.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Førskolelærer
Sted ØYSTESE (Adresse: Postnr: 5610)
Stillingstype Engasjement Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9e2294da-5dae-4b27-8752-6d67c45d054b
IMPORTAPI