Tilkallingsvikarar ved Vigra barnehage og Giske barnehage  – Barnehagane, Giske kommune

Education Barnehagelaerer

(2 uker siden)

  • VALDERØYA
  •  Lagt til dato: 10. desember 2024
  •  Expire date: 13. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 10-12-2024
Deadline: 13-01-2025

 

Tilkallingsvikarar ved Vigra barnehage og Giske barnehage 

Vigra barnehage og Giske barnehage søkjer tilkallingsvikarar frå snarast. Vi vil gjerne ha vikarar som kan arbeide ved begge barnehagane, men dei som vil arbeide berre ved ein av barnehagane er også velkomne som søkjarar. Skriv i søknaden kva som er aktuelt for deg. 

Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet. 

 Vikarbehovet kan variere frå enkelt-dagar til lengre periodar. Ved å arbeide som vikar har du moglegheit til å bli kjent med barn og vaksne på alle avdelingane. Du vil erfare at det å jobbe i barnehagen er meiningsfylt, spennande og utfordrande, der ingen dag er lik.

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.

Kvalifikasjonar

  • Vi ønskjer helst søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre er også velkomne til å søkje.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå liknade arbeid.
  • Må kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape gode relasjonar og tillit.
  • Evne til å møte barnet der det er.
  • Vilje og evne til fleksibilitet, løysingsviklje og til å ha barn sitt beste i fokus.
  • Gode samarbeidsevner med barn og vaksne.
  • Kunne ta imot rettleiing og råd.
  • Evne til å vise initiativ og til å spørje etter hjelp/rettleiing når ein er usikker.

Vi tilbyr

  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Sonja Roaldsand Skodje, einingsleiar, +47 41702315
Elias Martinus Valderhaug, einingsleiar, 91313027

Arbeidsstad

Valderhaug 4
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 4894096138
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 13.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Barnehagane, Giske kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

 

Webside http://www.giske.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Barnehagelærer
Sted VALDERØYA (Adresse: Valderhaug 4 Postnr: 6050)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e42b2236-a28f-4208-951b-efa9aa9a37dd
IMPORTAPI