Tilkallingsvikarar undervisning – STO – STORD VGS, Vestland fylkeskommune

Education Grunnskole

(2 dager siden)

  • STORD
  •  Lagt til dato: 20. oktober 2024
  •  Expire date: 1. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 20-10-2024
Deadline: 01-11-2024

 

Tilkallingsvikarar undervisning

Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfagleg utdanning. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 850 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi- og industrifag, Sal, service og reiseliv, samt Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Skulen tilbyr også opplæring for vaksne og me har kursverksemd i forskjellige fag.

Stord vidaregåande skule skal i løpet av hausten 2025 ta i bruk nye og moderne skulebygningar. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skapa eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper.

Skulen treng tilkallingsvikarar på følgjande fagområde:

 

Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Er du en dyktig og engasjert person med kompetanse innan informasjonsteknologi og medieproduksjon? Stord vidaregåande skule søkjer etter tilkallingsvikarar. Me ser både etter deg som står i arbeid no, men har ledig kapasitet, og pensjonistar eller studentar. Behovet varierer, men arbeidet vil handla om å bidra til progresjon i faget ved fråvær.

Framandspråk:

Det er behov for tilkallingsvikarar i faga spansk og tysk. Kan du undervisa i desse faga og har ledig kapasitet, høyrer me gjerne i frå deg. Me ser både etter deg som står i arbeid no, men har ledig kapasitet, og pensjonistar eller studentar. Behovet varierer, men arbeidet vil handla om å bidra til progresjon i faget ved fråvær.

Arbeidsoppgåver

  • Samarbeid med andre i dei aktuelle fagfelta
  • Bidra til fagleg progresjon når faglærar er vekke

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
  • Undervisningskompetanse innan aktuelt fagområde
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram godkjent politiattest
  • Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Personlege eigenskapar

  • Interesse for ungdom og evne til å skapa gode relasjonar
  • Evne til å engasjera elevar i læringsaktivitetar og skapa relevans i opplæringa
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk 
  • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Godt fagmiljø

Kontaktinformasjon

Dan Harald Torbjørnsen, Avdelingsleiar IM/SSR/VO, 47010239
Arild Ingvaldsen, avdelingsleiar Studieførebuande/SSØ/ME, 97540187

Arbeidsstad

Saghaugen 3
5411 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4873197510
Stillingsprosent: 0%
Anna
Startdato: 01.11.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 01.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver STO – STORD VGS, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted STORD (Adresse: Saghaugen 3 Postnr: 5411)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 2
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 01-11-2024
Søknadsfrist 01-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/bcfd206f-de50-4e1a-bb2c-1d55597bbe7f
IMPORTAPI