Tilkallingsvikarar – Haram vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Education Videregaende skole(2 måneder siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 01-12-2024
Deadline: 10-03-2025
Tilkallingsvikarar
Dersom du har lærarerfaring, eller kan tenke å prøve deg som lærar håper vi du vil søke på denne utlysinga. Dette gjeld deg som har relevant utdanning innan eitt av dei yrkesfaglege programområda våre, eller har utdanning til å undervise på studiespesialiserande og i fellesfaga.
Arbeidsoppgåver
Haram vidaregåande skule er ein kombinert vidaregåande skule som har omlag 270 elevar og 45 tilsette. Vi søkjer no etter tilkallingsvikarar innanfor alle skulen sine utdanningsprogram og i fellesfaga engelsk, norsk, samfunnsfag, naturfag, kroppsøving og matematikk.
Våre utdanningsprogram er:
- Elektrofag
- Helse- og oppvektsfag
- Studiespesialisering
- Teknologi- og industrifag
- YSK Yrkes- og studiekompetanse
Kvalifikasjonar (overskrift)
Vi ser etter personar som er engasjerte og glade i ungdommar. Har ei utdanning og ein bakgrunn som er relevant i høve eitt eller fleire av områda/faga skulen tilbyr.
Å ta oppdrag som vikar kan kanskje passe deg som er i deltidsjobb, er deltidsstudent, jobbar turnus eller er i ein situasjon der du har høve til meir kortvarige oppdrag. Skulen er også interessert i å kome i kontakt med til dømes pensjonerte lærarar eller andre med relevant bakgrunn, som kan tenke seg å ta oppdrag hos oss. Haram vidaregåande skule har også behov for lærarar som kan undervise eit fag eller to for ein periode eller ut skuleåret 2024-2025
Utlysingsteksten har lang søknadsfrist, men vi registrerer fortløpande innkomne søknader og tar kontakt med deg dersom oppdrag blir aktuelle.
Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på ungdom, som er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell.
- Du må like å arbeide med ungdom.
- Du har eit stort engasjement for faget ditt.
- Du bidreg til elevane si faglege og sosiale utvikling.
- Du har ein inkluderande veremåte.
- Du er fleksibel og ser moglegheiter.
- Du likar godt å samarbeide.
- Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre du samarbeider med.
- Ei spanande stilling med varierte arbeidsoppgåver
- Ein arbeidplass kjenneteikna av høg kvalitet og profesjonalitet
- Eit raust og inkluderande arbeidsmiljø
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
Kontaktinformasjon
Håkon Sæterøy, Ass.rektor, +47 95067318
Arbeidsstad
Skuleråsa 10
6270 BRATTVÅG
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4889831356
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 05.12.2024
Sluttdato: 20.06.2025
Søknadsfrist: 10.03.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Haram vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr: 974576716 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Om skulen (haram.vgs.no)…er ein kombinert skule.Det vil seie at vi tilbyr både yrkesfaglege- og studieførebuande utdanningsprogram hos oss. Skulen tilbyr 2-årige løp knytt til dei yrkesfaglege utdanningsprogramma; Studiespesialisering |
Webside | https://haram.vgs.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Videregående skole |
Sted | BRATTVÅG (Adresse: Skuleråsa 10 Postnr: 6270) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 05-12-2024 |
Søknadsfrist | 10-03-2025 |