Tilkallingsvikarar – Bo og mestring
Education Barnehage og skolefritidsassistenter(3 måneder siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 26-08-2024
Deadline: 31-12-2024
Tilkallingsvikarar
Vi treng tilkallingsvikarar innan miljøarbeid retta mot barn og vaksne med nedsatt funksjonsevne.
Ein meiningsfull ekstrajobb, der du vil bli kjent med flotte brukarar og ansatte. I denne jobben er det stor moglegheit for læring og utvikling.
Ved desse avdelingane innan Bo og mestring treng vi vikarar:
- Solbakken; bo og avlastning for mennesker med nedsatt funksjonsevne
- Grauteknapp bofellesskap for mennesker med nedsatt funksjonsevne
- Notevarp; botjeneste og avlastning for mennesker med nedsatt funksjonsevne
- Grivihaugen, bofellesskap for mennesker med nedsatt funksjonsnivå
Arbeidstid kan vera både dag, kveld og natt. Langvakter er òg hyppig bruka i tenesta vår.
Arbeid ved ein av bustadane våre består i å hjelpe bebuarane våre med å handtere kvardagen sin på best mogleg måte og å gje dei
gode og meiningsfylte dagar.
Ønsker du meir informasjon, ta kontakt med avdelingsleiar der du ønsker å søke.
Arbeidsoppgåver
- Direkte brukaroppfølging i dagligdagse gjeremål
- målretta miljøarbeid.
- Turnusarbeid
Kvalifikasjonar
Ønska kvalifikasjonar/kompetanse:
- Helsefagarbeider, vernepleier, anna helse og sosialfagleg utdanning
- Ønskelig med erfaring frå miljøarbeidarbeid retta mot barn og vaksne med nedsatt funksjonsevne.
Særskilde krav:
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Skal framvisast før oppstart i stilling.
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
Vi søker ansvarlege voksenpersoner med gode haldningar, med ønske om å hjelpe andre.
Då vi i tenesta vår av og til må handtera utfordrande åtferd er det viktig med:
- gode kommunikative evnar
- tolmod
- kunne halda seg roleg i utfordrandesituasjonar.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Anne Marie Nordli, Avdelingsleiar Grivihaugen, 97968599
Hilde Midtgarden, Konst. avdelingsleder Grauteknapp, 91310746
Ingrid Lømo Ånensen, Avdelingsleiar Solbakken, 41178658
Mona Beate Stokker, Avdelingsleiar Notevarp, 48139236
Arbeidsstad
Gamleveg 112
3802 Bø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 4850996861
Søknadsfrist: 31.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bo og mestring orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet. |
Webside | https://midt-telemark.kommune.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehage- og skolefritidsassistenter |
Sted | BØ I TELEMARK (Adresse: Gamleveg 112 Postnr: 3802) |
Stillingstype | Annet Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-12-2024 |