Tilkallingsvikarar – Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune
Health and social care Miljoarbeidere(13 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 31-10-2024
Deadline: 15-11-2024
Tilkallingsvikarar
Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnadar med kort veg til både skog, fjell og fjøre, som blir nytta gjennom heile året. Barnehagen har 74 barn og 22 tilsette, fordelt på fem basar. Barnehagen har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement. Hos oss er gode heilskaplege tenester i fokus og vi jobber på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv. I barnehagen vår spelar vi kvarandre gode og søker deg som er aktiv, leiken og er brennande engasjert i barn og ynskjer å bidra til å gi barn ein god oppvekst.
Tennfjord barnehage treng no fleire tilkallingsvikarar. Vi trenger personar som kan trå til på kort varsel ved sjukdom, ferie og liknande. Dette kan vere for korte eller lengre perioder. Vi søker derfor etter dyktige assistentar og barne-og ungdomsarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
Arbeid med barn i alderen 0-6 år i tråd med barnehagelov og rammeplan for barnehagar, samt kommunen sine retningslinjer.
Herunder:
- Bidra til at det enkelte barn får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
- Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barn
- Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
- Bidra i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelinga/basen, innafor dei rammene ein har blitt einige om
- Følgje opp den rettleiinga ein får
- Ansvar for å sette seg inn i og følgje barnehagen sine HMS-prosedyrar
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi – og tuberkulinattest.
- Søkar må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Søkarar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må avleggje ei norskprøve og ha oppnådd nivå A2 på delprøva i skriftleg framstilling og nivå B1 på delprøvene i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon. Nivå A2 og B1 skal tilsvare nivå i Det felles europeiske rammeverket for språk jf. barnehagelova §18 a
- Relevant utdanning og/eller erfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav
- Personleg eignaheit blir vektlagt
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:
- Har eit ønske om å arbeide med barn
- Har god omsorgsevne og evne til å sjå og lytte til barna sine behov
- Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Trives i ein aktiv kvardag
- Er glad i å vere ute
- Er positiv, fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Givande arbeid i gode fag- og arbeidsmiljø
- Moglegheit til å bestemme sjølv kor mykje du vil arbeide og når
- Tilgong til kurs og kompetansehevande tiltak
- Løn etter tariff
- Moglegheit til å prøve å jobbe i ulike barnehagar
Kontaktinformasjon
Gro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Trolldalssletta 18
6264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4876292425
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 11.11.2024
Søknadsfrist: 15.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes. |
Webside | http://www.haram.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Miljøarbeidere |
Sted | TENNFJORD (Adresse: Trolldalssletta 18 Postnr: 6264) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | 11-11-2024 |
Søknadsfrist | 15-11-2024 |