Tilkallingsvikar – Sogndal kommune Fjærland oppvekstsenter
Education Barnehage og skolefritidsassistenter(4 måneder siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 31-07-2024
Deadline: 01-06-2025
Tilkallingsvikar
Barnehagane i Sogndal kommune ønskjer fleire tilkallingsvikarar 2024/25.
Her kan du søke som tilkallingsvikar på Fjærland oppvekstsenter(barnehage og skule) 2024/25
Likar du å arbeida med barn, og har høve til å ta på deg arbeid av og til? Då vil me gjerne at du tek kontakt med styrar i barnehagen.
Arbeid i barnehage er variert, interessant, gjevande og du vert kjend med gode og positive barn som lærer kvar dag.
Me kan tilby:
- Utfordrande, varierande og interessante arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Erfarne og dyktige kollegaer som vil gje deg god opplæring
- Løns- og arbeidsvilkår iflg. gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Andre opplysningar:
- Tilsette må levere politiattest
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Kontaktinformasjon:
- Fjærland oppvekstsenter: Torbjørn Ask, rektor/styrar. Tlf; 41310550 torbjorn.ask@sogndal.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO