Tilkallingsvikar – Rauland skule, Vinje kommune
Education Barnehage og skolefritidsassistenter(4 måneder siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 08-08-2024
Deadline: 20-06-2025
Tilkallingsvikar
Me treng tilkallingsvikarar sjå oss gjennom heile skuleåret.
Studerar du og/eller har ledig tid av ulike årsakar, og er interessert i ein tileggsjobb, då håpar me at du kontaktar oss.
Arbeidsoppgåver
- vikar i undervisning
- vikar på SFO
- ha ansvar i heil klasse, i lita gruppe eller med enkeltelevar
- kunne dokumentere litt skrifteleg der det er behov for det
Kvalifikasjonar
- Ingen formelle kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
- Du må sjå etter det beste i elevane
- Du må vere god på relasjonar
- Du må vere ein tydeleg og trygg vaksen
- Du må vere god på å kommunisere med andre
- Du må ta initiativ, ta ansvar og vere sjølvstendig
- Du må vere strukturert og halde tidsfristar
- Du må samarbeide godt
- Du må vera positiv og villig til å lære nye ting
- Du må vere glad i aktivitet både ute og inne
- Du vil kunne få telefon tidleg på morgonen og måtta stille på kort varsel
Vi tilbyr
- Ivrige og engasjerte elevar
- Fagleg dyktige kollegaer med godt humør og stor takhøgde
- Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtale
- Kandidatar vert tatt inn fortløpande
- Du vel sjølv kor mykje og når du ynskjer å arbeide, utfrå våre behov på skulen og SFO.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Aud Lillian Hustveit, Verksemdsleiar Rauland skule, +47 95752799
Arbeidsstad
Rjukanvegen 7
3864 Rauland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 4845123721
Stillingsprosent: 99%
Anna, Vikar
Startdato: 19.08.2024
Sluttdato: 20.06.2025
Søknadsfrist: 20.06.2025
DIVERSE INFO