Stillingsbeskrivelse

Published 19-08-2024
Deadline: 31-12-2024

 

Tilkallingsvikar Omsorg og sjukeheim

I tenesteområde Omsorg og sjukheime er det til ei kvar tid ledig stilling som tilkallingsvikar. Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar, vernepleiarar, assistentar og miljøterapeutar. Vi har behov for motiverte og dyktige personar som liker å arbeide med menneske.
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde avdelingsleiar. Tilsetting skjer fortløpande. Ver venleg å oppgi namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. Erfaring, kompetanse, referansar og personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing.

Kvalifikasjonar

  • Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar, men helsefagleg eller sosialfagleg utdanning er ønskeleg
  • Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon

Personlege eigenskapar

  • Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske 
  • Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
  • Liker utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Tar initiativ og ansvar
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Er strukturert og presis når det gjeld arbeidstid  

Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Arbeidsavtale i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk.

Arbeidsvilkår : Dag/kveld inkl. helgar

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Dagrun Opsal, Avd.leiar Korttidsavdelinga, 48070965, dagrun.opsal@orsta.kommune.no
Ingrid Mork, Avd.leiar Solkroken, 47906593, ingrid.mork@orsta.kommune.no
Kyrre Skavøy, Avd.leiar Bakketun, 481 23 801, kyrre.skavøy@orsta.kommune.no
Lisa Korsfur Silseth, Avd.leiar Vallastova, 48132814, lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.no
Nina Måseidvåg, Avd.leiar Hjørundfjordheimen, 47600236, nina.maseidvag@orsta.kommune.no
Sara Vartdal Vinjevoll, Avd.leiar Vartdal helsetun, 90035366, sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 26
6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 4844508346
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse, omsorg og velferd, Ørsta kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver


Ørsta
kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.


Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:

Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Webside https://www.orsta.kommune.no/arbeid/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted ØRSTA (Adresse: Dalevegen 26 Postnr: 6153)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/656e6ed3-d69c-4aa4-8231-846f7335ad16
IMPORTAPI