Tilkallingsvikar lærar – Ørstaskulen skuleåret 2024/2025 – Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune
Education Grunnskole(5 måneder siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 23-06-2024
Deadline: 25-06-2025
Tilkallingsvikar lærar – Ørstaskulen skuleåret 2024/2025
Ørsta kommune treng til ei kvar tid lærarar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar i Ørstaskulen. Denne utlysinga gjeld for skuleåret 2024/2025.
Arbeidsoppgåver
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å undervise på alle trinn i grunnskulen.
Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde rektor.
Aktuelle skular:
Dalane skule: 41 86 43 20
Hovden skule: 91 42 84 76
Sæbø skule: 47 66 83 79
Vartdal skule: 99 28 69 99
Velle skule: 46 92 65 82
Vikemarka skule: 700 47 700
Ørsta opplæringssenter: 700 45 300
Ørsta ungdomsskule: 95 16 91 71
Kvalifikasjonar
Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar. Vi ønskjer likevel først og fremst søkjarar med relevant utdanning frå høgskule eller universitet.
Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.
Personlege eigenskapar
Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at søkjarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.
Vi tilbyr
Arbeidsavtale og -vilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar unnatakast offentleg
søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namn skal vere
unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert
konkret i høve omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil
oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom
kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og få tilbod om
å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Pål-Einar Kragset Brekke, Rådgjevar, 47623418, pal-einar.brekke@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 6
6153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 4832700580
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 25.06.2025
DIVERSE INFO