Tilkallingsvikar – Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
Health and social care Andre helseyrker(20 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 20-11-2024
Deadline: 31-01-2025
Tilkallingsvikar
Fjord kommune har behov for fleire tilkallingsvikarar, og personar som kan jobbe i helg og kvardager innafor helse- og omsorg.
Vår viktigaste ressurs er tilsette, og vi ynskjer å vere ein arbeidsgivar kor du opplev trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere.
Når det gjeld arbeid som tilkallingsvikar har ein ikkje eit fast forpliktande arbeidsforhald. Det fungerar på den måten at du får ein arbeidsavtale der du står på tilkalling og ved eventuelle behov ringer arbeidsgjevar (Fjord kommune) og høyrar om du er ledig for arbeid. Du har ingen plikt til å seie ja, men det er sjølvsagt ønskeleg. Dei som arbeider fast i helgene kan også vere tilkallingsvikar, såframt det ikkje er i konflikt med den faste stillinga.
- Det er ønskeleg at du skriv inn i søknaden kva du er på jakt etter, og kvar du ønskar å jobbe i kommunen.
- Søknader og tilsettingar blir behandla fortløpande.
Følgjande einingar har behov:
- Sjukeheim og heimetenesta i Stordal – fast arbeid i helg og tilkallingsvikar
- Sjukeheim og heimetenesta i Valldal – fast arbeid i helg og tilkallingsvikar
- Open omsorg i Eidsdal – fast arbeid i helg og tilkallingsvikar
Arbeid som tilkallingsvikar eller i fast deltidsstilling, vil gi prioritet for at du får jobbe ein del i ferie og høgtidar.
NB Tilsettingar og søknadar vert behandla fortløpande NB
Ta gjerne kontakt ved spørsmål 🙂
Arbeidsoppgåver
For arbeid i helse- og omsorg
- Pleie og omsorgsoppgåver i direkte kontakt med brukar/pasient.
- Generelle oppgåver knytt til avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjar primært etter personar med helseutdanning eller studentar i helseretta utdanning
- Søkjarar utan helseretta utdanning er også aktuelle
- For arbeid i heimetenesta må ein ha førarkort klasse B
- Godkjent politiattest for arbeid i helse- og omsorgtenesta
Personlege eigenskapar
- Personleg skikka for stillinga
- Visar respekt og omtanke for pasientar og kollegaer
- Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskaper
- Likar å samarbeide og jobbe i team
- Godt humør og positiv framtoning
- Uredd og ansvarsfull
- Lærevillig
- Engasjert og fleksibel
- God arbeidskapasitet og trivsel i eit aktivt arbeidsmiljø
- Lojal mot arbeidsplass og kollegaer
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med tariff
- Gode pensjon- og forsikringar
- Varierande arbeid
- Dyktige medarbeidarar
Kontaktinformasjon
Marit Øvrevoll, Leiar pleie og omsorg, Valldal og Eidsdal, 41867970
Grete Kvammen Tøsse, Leiar pleie og omsorg, Stordal, 41867960
Arbeidsstad
Olavsgata 10
6210 VALLDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
Referansenr.: 4887796929
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Helse, omsorg og velferd Fjord kommune orgnr: 974618389 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal. Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus. Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no |
Webside | http://www.fjord.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Andre helseyrker |
Sted | EIDSDAL (Adresse: Gjerthagen 29 Postnr: 6215) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 5 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-01-2025 |