Tilkallingsvikar barne og ungdomsarbeider Prestmarka barnehage i Alver kommune – Alver kommune
Education Barnehage og skolefritidsassistenter(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 12-11-2024
Deadline: 13-11-2024
Tilkallingsvikar barne og ungdomsarbeider Prestmarka barnehage i Alver kommune
Om stillinga
Behov for tilkallingsvikarar i barnehagen. Her kan du søkja om å være ringevikar.
Arbeidsoppgåver / ansvar:
Hovudoppgåva som ringevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.
Me søkjer
- Me søkjer helst arbeidstakarar med fagbrev Barne og ungdomsarbeidarfaget
- Har du erfaring frå arbeid med barn og unge men ikkje fagbrevet er det også interessant.
- Også viss du er under utdanning.
- Du må ha gode samarbeidsevner og gode haldningar til arbeid med barn i våre barnehagar.
Vi tilbyr / vilkår
-
Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.
Gyldig politiattest etter forkrift til barnehagelova må leggast fram.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Alver kommune orgnr: 975298981 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Barnehagen held til i eit hovudbygg bak Coop, og Solhall ved sida av legekontoret. Barnehagen har gangavstand til idrettshall, symjehall, fotballbaner, bibliotek og flotte turområde. Barnehagen har 7 avdelingar (4 på hovudbygget og 3 på Solhall bygg). I hovudbygg: Småstova raud , Småstova blå for born 1- 3 år – Nordastova og Sørastova for barn i alderen 3-4 . Solhallbygget: I solhallbygget er det førskulegruppe avd Solhall , Øyne for born i alderen 1- 3 og avdeling Solend for barn i alderen 3 – 4 år. Avdelingane samarbeider på morgonen og ettermiddagen, slik at born og vaksne vert godt kjende med kvarandre. Barnehagen har eit spesielt fokus på sosial- og emosjonell kompetanse. Vi ynskjer å fremje positivt samspel og relasjonar mellom barna og mellom barn og vaksne. Dei tilsette har god kompetanse på Dei utrulege åra og nyttar dette i det daglege arbeidet. Er og litt i gang med Dinoskulen i førskulegruppa. Barnehagen har tilgang til Radøyhallen 1 time pr dag slik at alle avdelingane har avsatt tid der. I tillegg får førskuleborna tilbod om vanntilvenning i terapibassenget. Vi har og eit godt samarbeid med Manger barneskule der dei fleste av førskuleborna våre skal starter på skulen. Det er gangavstand frå barnehagen til skulen. Begge bygga har fine uteområde. Avdelingane nyttar også turområder i nærmiljøet. Trygge, bilfrie gangvegar med tilknyting til skog og mark. Sjø og fjell er også i gangavstand. Me prøver at alle avdelingane har minst ein turdag i veka. Turane er tilpassa bornas alder og modning og skal gje tid og rom til det borna er opptatt av; vatn som sildrar, eit rart tre, ein traktor, å samle, sortere, samanlikna og så vidare. Vi går og på besøk til kvarandre på tvers av bygga. Det er kjekt å komme på ein anna leikeplass av og til. |
Webside | https://www.alver.kommune.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehage- og skolefritidsassistenter |
Sted | MANGER (Adresse: Radøyvegen 1676, 5936 Manger Postnr: 5936) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 13-11-2024 |