Testleiar – Økonomi og forsyning – Verksemdsutvikling, Helse Vest IKT

Transport og lager Logistikk lagerarbeid og innkjop

(17 timer siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 26. september 2024
  •  Expire date: 10. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 26-09-2024
Deadline: 10-10-2024

 

Testleiar – Økonomi og forsyning

Det kan hende du er livsvIKTig!

Helse Vest har innført felles arbeidsprosessar og systemløysing innan fagområda rekneskap, budsjett, innkjøp og logistikk. Her har vi valt SAP S/4 HANA som systemløysing. Løysinga skal vidareutviklast for ein stor og kompleks organisasjon, og skal integrerast med nye løysingar. Løysinga skal inngå i eit omfattande systemlandskap med mange integrasjonar. Dette er eit spennande område å vere ein del av!

Du vil bli ein del av Testsenteret. Her jobbar vi med ulike system i helsesektoren. Testsenteret har 32 tilsette og ein del innleigde konsulentar. Vi tilbyr og støttar løysingar for pasientar, legar, sjukepleiarar og administrasjon med fleire. Vi har eit stort og kompetent miljø innan testfaget, og vi er ein god miks i alder og kjønn. Vi er opptekne av å ta vare på fellesskapet, dele kompetanse og lære av kvarandre. Vi skal trivast og utfordrast på jobb, og hos oss får du gode moglegheiter til å vere med og påverke korleis vi jobbar med test i Helse Vest.

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du moglegheita til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje. Vil du vite meir om korleis det er å jobbe som testleiar for økonomi og forsyning/SAP, ta kontakt med områdetestleiar for økonomi og forsyning Birte Larsen, på telefon 954 24 005.

Arbeidsstad er Bergen, Stavanger eller Haugesund. Dette er eit vikariat, men det kan opne seg moglegheiter for fast tilsetting.

Arbeidsoppgåver

  • Rapportere til områdetestleiar
  • Bistå testteamet der det trengst
  • Planlegge og koordinere testløp, testressursar og testmiljø
  • Bistå i arbeidet med testkøyring i Azure DevOps
  • Tilrettelegging av testverktøy etc.
  • Utarbeide testscript (scenario) saman med fagressursar frå føretaka
  • Bistå med å utarbeide testdokumentasjon

Kvalifikasjonar

Dette er ønska kvalifikasjonar, men det er ikkje eit krav at du oppfyller alle desse:

  • Høgare utdanning innan IT er ein fordel
  • Relevant arbeidserfaring kan erstatte formell utdanning
  • Gjerne erfaring med testleiing
  • Tidlegare erfaring frå SAP-prosjekt vil vere ein føremon
  • Gjerne erfaring frå utvikling og/eller prosjektleiing
  • Erfaring frå helsesektoren vil telle positivt
  • Det vil vere ein føremon med ISTQB-sertifiseringar
  • Evne til å sørgje for god dialog med relevante ressursar hos helseføretak, leverandør og teknisk personell
  • Føremon med kjennskap til arkitekturmetodikk og -praksis innan IKT-området
  • Kjennskap til Azure DevOps vil telle positivt
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Flytande norsk (alternativt kan skandinavisk aksepterast)

Personlege eigenskapar

  • Evne til å kommunisere godt
  • Flink til å samhandle på tvers av fagområde
  • Evne til å sørgje for god dialog med relevante ressursar hos helseføretak, leverandør og teknisk personell
  • Du kjenner deg att i dei fleste av punkta under:
    • Du kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar
    • Du kan koordinere og er god til å følgje opp
    • Du har god struktur i arbeidet ditt
    • Du evnar å lytte og forstå
    • Du klarar å levere under press
    • Du ønsker å dele din kompetanse med dine kollegaer
    • Du ønsker å satse på ein karriere innan testleiing
    • Du trivst i grensesnittet mellom teknologi og brukarmiljø
    • Du evnar å sette deg inn i detaljar og samstundes ha overblikk

Vi tilbyr

  • Du får moglegheita til å skape gode resultat både åleine og i samarbeid med andre.
  • Fagleg utvikling gjennom spennande oppgåver, faggrupper, fagdagar, seminar og kurs.  
  • Eit stabilt og sterkt fagmiljø med låg turnover.
  • Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit.
  • Løn etter avtale.
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar.
  • Vi likar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtes fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap, og for å fylle den sosiale koppen. Men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med moglegheit til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillèt det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for ein god balanse mellom jobb og fritid.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Bente Saltnes, Seksjonsleiar, +47 97542697

Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29
5052 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 4864813198
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.10.2024
Sluttdato: 30.09.2025
Søknadsfrist: 10.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Verksemdsutvikling, Helse Vest IKT orgnr:
Kort om arbeidsgiver Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.

Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Webside
Bransje Transport og lager
Yrke Logistikk, lagerarbeid og innkjøp
Sted BERGEN (Adresse: Bjørnsons gate 29 Postnr: 5052)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-10-2024
Søknadsfrist 10-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/902d1273-c436-4b7e-b66f-3eaccf04695f
IMPORTAPI