Terholmtuet bufellesskap – Øygarden kommune Teneste til menneske med nedsett funksjonsevne
Health and social care Helsefagarbeider(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 07-01-2025
Deadline: 22-01-2025
Terholmtuet bufellesskap
Om avdelinga:
Ternholmtunet bufellesskap og Rong omsorgsbustader ligg på Rong, og gjer tenester til 10 personar med psykisk utviklingshemming med ulike bistandsbehov.
Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring er viktig. Vi er ein tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, andre høgskuleutdanna, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidar og assistentar.
Arbeidsoppgåver:
- Målretta miljøarbeid
- Medikamenthandtering – kan bli vurdert
- Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø
- Dokumentasjon i fagjournal
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Fagbrev og autorisasjon som helsefagarbeidar
- Andre med erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurdert
- Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå arbeid med brukargruppa
- Vere kjend med elektronisk klientsystem
- Sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar:
- Fleksibel og løysingsorientert
- Gode etiske og faglege haldningar
- Evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team
- Respekt og engasjement for brukargruppa
- Du er lærelysten og tek ansvar
Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt
Anna:
- Gyldig politiattest må førevisast dersom ein blir tilsett
- Stillinga inngår i årsplan, med langvakter kvar 4.helg.
- Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Ein gjevande og meiningsfull jobb
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
Kontakt:
Avdelingsleiar: Åshild Erstad Hagen mobil 909 43 934
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO