Tenesteutviklar i Sogn – Sogndal kommune Sogndal kommune

Health and social care Lege

(1 dag siden)

  • LEIKANGER
  •  Lagt til dato: 30. november 2024
  •  Expire date: 31. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 30-11-2024
Deadline: 31-12-2024

 

Tenesteutviklar i Sogn

Vil du vere med å skape framtida for Sogn? 

Sognaregionen satsar, og søkjer no ein dyktig og engasjert tenesteutviklar! Du vil spele ei nøkkelrolle i å utvikle og styrkje samarbeid på tvers av kommunane Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Sogndal og Vik. Regionen har gjennom dei siste åra styrka samarbeidet, og jobbar no tett saman for å skape eit attraktiv bu- og arbeidsområde i verdas vakraste ramme. Saman med resten av aktørane i regionen skal me no realisere visjonen vår: Sogn – det gode liv, gjennom den nyleg vedtekne Sognaplanen – vår felles regionalplan i Sogn.  

 

Om stillinga 

Som tenesteutviklar vil du: 

  • Drive fram og koordinere samarbeidsprosjekt som fremjar attraktivitet, mobilitet, omstilling og samarbeid i tråd med Sognaplanen 2025–2028. 

  • Bygge relasjonar og nettverk mellom kommuneorganisasjonane, næringslivet, utdanning og frivillige aktørar i regionen, samt med viktige aktørar utanfor regionen. 

  • Vere ein pådrivar for innovasjon og tenesteutvikling, inkludert grøn omstilling og teknologibaserte løysingar i kommunane. 

  • Bidra til å skape ein felles identitet og stoltheit for regionen gjennom kommunikasjon og omdømmebygging. 

Kven er du? 

Me ser etter deg som: 

  • Har erfaring frå å jobbe med prosjekt, tenesteutviklingsarbeid eller regionalt samarbeid, og likar å jobbe i team med andre. 

  • Kjenner kommunal verksemd, og er interessert i korleis kommunane fungerer. 

  • Er relasjonsbyggjar med sterke kommunikasjonsevner. 

  • Har strategisk blikk og evne til å finne innovative løysingar. 

  • Brenn for berekraft, samarbeid og utvikling av lokalsamfunn. 

  • Kjenner til og interesserer deg for samspelet mellom kommunar, fylke og stat – og trivst i grensesnittet mellom politikk og administrasjon. 

 

Me tilbyr: 

  • Ei spanande rolle med moglegheiter til å påverke framtida til ein heil region. 

  • Eit sterkt fagleg og sosialt nettverk i eit miljø prega av samarbeid og tillit. 

  • Fleksible arbeidsformer, inkludert moglegheit for fjernarbeid. 

  • Konkurransedyktige vilkår og stor grad av sjølvstende. 

 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla samfunnet me er ein del av. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn, og legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Sogndal kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted LEIKANGER (Adresse: Riverdalen 5 Postnr: 6863)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/abe899f0-ea1c-4157-a72a-3f32a9f47f95
IMPORTAPI