Tenesteleiar Måløy Heimeteneste – Kinn kommune
Health and social care Leder innenfor helsetjenester(6 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 20-03-2025
Deadline: 04-04-2025
Tenesteleiar Måløy Heimeteneste
Kinn kommune er ein heimetenestekommune, og satsar på kvardagsmeistring og velfersdteknologi. Måløy Heimeteneste har base på ICT bygget. Tenesta har dyktige tilsette som er fag- eller høgskuleutdanna i alle stillingar, fleire av dei har også 1 eller fleire vidarutdanningar. Kinn kommune har kompetanselønnssystem som godtgjer tilleggsutdanning. Vi nyttar årsturnus og tilbyr både to- og tredelt turnus.
Arbeidsoppgåver
Som tenesteleiar har du ansvar for å utvikle eit kreativt og kunnskapsbasert arbeidsmiljø i heimetenesta og på dagtilbod for eldre. Du er leiar og hovudansvarleg for god omdømebygging. Du i samråd medarbeidarar har ansvar for at kvaliteten på tenesta som skal utøvast til brukerane er gode og samsvarar med dei mål Kinn kommune har satt.
Tenesteleiar har eit heilskapleg ansvar for sitt område i høve:
• Planlegging, kvalitet og fagutvikling
• Sakshandsaming
• Økonomi -budsjettstyring
• Leiing og personalansvar
Tenesteleiar rapporterer direkte til kommunalsjef for Helse og velferd.
Kvalifikasjonar
3 årig høgskule eller meir innan helse og omsorgsfag
Du må ha leiarerfaring og det er ynskjeleg med vidareutdanning i leiing
Du må ha god datakompetanse, og kunne bruke våre fagsystem som er Cos Doc ,RS og WebSak.
Gjerne erfaring og kompetanse i tverrfagleg samarbeid og teamarbeid
Personlege eigenskapar
Er lojal og har evne til å gjennomføre politiske og administrative avgjerder
Har gode kommunikasjonsevner og sosial kompetanse.
Likar endring og er god på å leie sine medarbeidarar gjennom endringsprosesser
Kan jobbe sjølvstendig
Er fleksibel, kreativ, nytenkjande og løysingsorientert
Likar å ha ansvar, tek ansvar og ansvarleggjer tilsette
Vi tilbyr
Ein kompetansearbeidsplass der du får vere med å utvikle tenestene saman med andre
Samarbeid med mange motiverte og godt kvalifiserte medarbeidarar
Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer eigen arbeidsdag.
Høve til personleg utvikling og fagleg etter- og vidareutdanning
Vi har rutine på korleis nye leiarar får oppfølging og rettleiing
Systematisk etisk refleksjon for leiarar.
God pensjonsordning i KLP
Løn etter kompetanse
Kontaktinformasjon
Norunn Stavø, Kommunalsjef helse og velferd, +47 41536120, norunn.stavo@kinn.kommune.no
Arbeidsstad
Gate 1 64
6700 Måløy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 4937503151
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kinn kommune orgnr: 974573245 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vår visjon: |
Webside | http://www.kinn.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Leder innenfor helsetjenester |
Sted | MÅLØY (Adresse: Gate 1 64 Postnr: 6700) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 04-04-2025 |