Tednebakkane omsorgssenter – Øygarden kommune Tednebakkane omsorgssenter

Health and social care Sykepleier

(2 dager siden)

  • RONG
  •  Lagt til dato: 6. januar 2025
  •  Expire date: 21. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 06-01-2025
Deadline: 21-01-2025

 

Tednebakkane omsorgssenter

Er du klar for nye utfordring?  Har du erfaring frå Sjukeheim og eldreomsorg eller ønskjer ny erfaring? Er du modig, endringsdyktig og raus – og vil bli en del av vårt nattevaktsteam? Søk, da vel!

 

Om Tednebakkane omsorgssenter:

Tednebakkane omsorgssenter er ein liten sjukeheim på Rong i Øygarden Kommune. Sjukeheimen ligger vakkert til med havet som sin nærmaste nabo, berre ein liten halv times køyretur frå Straume. Sjukeheimen består at ein somatisk avdeling, ein demensavdeling og ein skjerma eining med til saman 45 bebuarar.

Vi er tre tilsette på om natta, der du som sjukepleiar vil ha det sjukepleiefaglege ansvaret for bebuarar på somatisk- og demensavdelinga. Vi ser etter ein medarbeidar som brenn for eldreomsorg, som er fagleg dyktig og engasjert i oppgåvene du møter.

Arbeidsoppgåver:

  • Fagleg sjukepleieansvarleg på natt
  • Omsorgsoppgåver som knytt til bebuarar på somatisk- og demensavdelinga
  • Samarbeid med tilsette på dag- og kveldsvakt for å sikre fagleg forsvarleg pleie av våre bebuarar

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå arbeid i sjukeheim er ønskjeleg men ikkje eit krav.               
  • 3. års sjukepleiarstudentar vert oppfordra til å søkje. Vurdering til stilling er under føresetnad av at utdanning vert fullført og autorisasjon føreligg. Eventuell tilsettingsdato vert sett til dato som samsvarar med dette.

Andre krav:

  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Gode datakunnskapar. I Øygarden kommune nyttar vi CosDoc som journalsystem

Personlege eigenskapar:

  • Kompetent, open, påliteleg og engasjert
  • Fleksibel og løysningsorientert
  • Gode etiske og faglege haldningar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Evne til å være med på å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivs med å arbeide i ein hektisk arbeidskvardag

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Sjukepleier på natt er lønna kr. 35 000 ekstra (ift. 100 % stilling)

Kontakt:

Einingsleiar Hilde Elin Buene Nilsen Hilde.Elin.Nilsen@oygarden.kommune.no

Telefon: 477 96 852

Avdelingsleiar Ingeborg J Andersen Tovås Ingeborg.Tovas@oygarden.kommune.no

Telefon: 916 29 522

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øygarden kommune Tednebakkane omsorgssenter orgnr: 973963457
Kort om arbeidsgiver Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted RONG (Adresse: Ternholmvegen 53 Postnr: 5337)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8fc461b1-3f56-4c77-a0ac-92dc86fe4a88
IMPORTAPI