Stillingsbeskrivelse
Published 23-10-2024
Deadline: 10-11-2024
Teamleiar
Stillingsinformasjon
Stillinga som teamleiar på Lustrabadet er ei 100% fast stilling, der arbeidstida er fleksibel, men hovudsakleg 7-15. Arbeidstida kan variere utifrå arbeidsoppgåver og ein må rekne med noko kvelds- og helgearbeid for å kunne gi god personaloppfølging.
Stillinga er nødvendig for effektiv drift med kompetanse på bemanning, sikkerheit, livredning, rutinar, reinhald, arrangement og innkjøp. Stillinga rapporterar direkte til dagleg leiar.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg oppfølging av badevertane, ansvar for bemanning, turnussystem, utvikling av fagleg kompetanse, opplæring og oppfølging av nye medarbeidarar
- Ansvar for god drift, sikkerheit i og rundt bassenga, daglege driftsrutinar, avviksrapportering og oppfølging, reklamasjonar, m.m. i tett samarbeid med dagleg leiar
- Livredning, ansvar for livredningskurs, både internt og eksternt. Må vere oppdatert til ei kvar tid på reglar og prosessar ift. livreddande prosedyrar
- Rutinar, følgje opp og effektivisere rutinar
- Reinhald, følge opp vedlikehald og reinhald i heile bygget
- Arrangement, ansvar for alle arrangement. Planlegge og utføre inntektsskapande aktivitet
- Kafé og resepsjon, ansvar for kafé og resepsjon, innkjøp av varer, badebutikk
- Vikar teknisk, kunne dei grunnleggjande oppgåvene på teknisk avdeling. Blir vikar når teknisk leiar skal ha ferie/fri
- Stillinga krev noko kvelds- og helgearbeid i løpet av året, gå inn å ta vakter der det er behov
- Andre oppgåver som naturleg fell inn under stillinga sitt ansvarsområde
Krav til stillinga
- Må bestå livredningsprøve 2 gonger årleg
- Det er ein fordel om du er instruktør for livreddarar og badevakter i enten NLS (Norges livredningsselskap) eller Bad, Park og Idrett, eller har liknande erfaring
- Erfaring frå tilsvarande arbeid er ein fordel
- Det er en fordel om du har erfaring med reinhald
- Effektiv og systematisk
- Entusiastisk og drivande
- Gode datakunnskapar. Det er ein fordel om du har god kjennskap til Microsoft Office
- God munnleg og skriftleg norsk
- Må vere fylt 20 år
Me tilbyr
- Knakande flott arbeidsplass med gode kollegaer
- Ein variert og spennande kvardag
- God opplæring på alle område
- Fast tilsetjing
- Fantastiske badegjester
- Løn og pensjonsordning i h.h.t. kommunalt avtaleverk
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO