Stillingsbeskrivelse

Published 12-12-2024
Deadline: 29-12-2024

 

Teamleiar

Vi søkjer dyktige etterforskarar til ledige stillingar som politiførstebetjent ved Nordre Sunnmøre politistasjon i Ålesund politistasjonsdistrikt, og ved Ulsteinvik politistasjon. Ved eit eventuelt internt opprykk kan det bli ledig stilling som etterforskar, politibetjent 3/2/1.

Formålet med stillinga er at du skal vere med på å sikre stabilitet og kvalitet i etterforskingsarbeidet i driftseininga. Du må rekne med å delta innan heile ansvarsfeltet som den geografiske driftseininga har i straffesaksbehandlinga. Du vil primært ha saksansvar i eiga saksportefølje, i tillegg til å vere ressursperson
(senioretterforskar) for andre etterforskarar ved seksjonen.

Det ligg også til stillinga å bli utpeikt til politifagleg etterforskingsleiar i dei sakene der det er behov for det.

Driftseining Sunnmøre omfattar Ålesund politistasjonsdistrikt, Ulstein og Hareid politistasjonsdistrikt, Indre Sunnmøre politistasjonsdistrikt og Søre Sunnmøre politistasjonsdistrikt. Det er ledig

  • Ei stilling som teamleiar ved Nordre Sunnmøre politistasjon, Vatne
  • Ei stilling som teamleiar ved Ulsteinvik politistasjon

Etterforskingsmiljøet i driftseininga er prega av å vere eit ungt etterforskarmiljø. Vi ønsker å bygge vidare på læring og utvikling i miljøet, og dette skal forsterkast vidare. Arbeidsdagen er prega av høgt tempo og stort arbeidspress.

Du må pårekne med arbeid innan krimvakttjeneste i helg, for tida kvar 6. kvar veke.

Arbeidsoppgåver

Teamleiar:

  • Etterforske og gjennomføre taktisk etterforsking i eigne saker, herunder avhøyr mm.
  • Utøve politifagleg etterforskingsleiing og ha fagleg ansvar for etterforsking i tildelte straffesaker
  • Kvalitetssikring i straffesaksbehandlinga
  • Rettleiing/opplæring av studentar og øvrige etterforskarar ved seksjonen
  • Delta i operative aksjonar i regi av team/seksjon, eller som bistand til andre einingar
  • I samarbeid med påtalejurist prioritere, utføre og følgje opp etterforskingsskritt
  • Støtte politipatruljane sin straksetterforsking og politiarbeid på staden
  • Bidra til å bygge kompetanse innan etterforskingsfaget i politidistriktet
  • Vere pådrivar og støttespelar i utviklinga av eit godt medarbeidarskap, ønskt kultur og medarbeidartilfredsheit i organisasjonen
  • Andre oppgåver kan påleggast av leiar

Etterforskar pb3/2/1 ved evt. opprykk:

  • Etterforskingsoppgåver
  • Kriminalitetsførebyggande arbeid
  • Krimvakt/publikumsmottak
  • Samarbeid i grupper ved etterforsking av større saker
  • Utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
  • Andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
  • Bidra med rettleiing og ved opplæring/kompetansehevande tiltak ved eininga
  • Støtteliste ved vakt og beredskap kvar fjerde helg
  • Kan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Teamleiar

Nødvendig:

  • Fullført og bestått politi(høg)skule.
  • Brei kompetanse og erfaring knytt til etterforsking
  • Særs god kjennskap til lovverket innanfor etterforsking
  • Erfaring med prosjekt- og teamarbeid
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk
  • Gode kunnskapar i bruk av datasystemet til politiet

Ønskeleg:

  • Vidareutdanning innan etterforsking
  • Tilleggsutdanning innan eitt eller fleire fagområde innanfor etterforsking
  • Relevant leiarerfaring er ein fordel
  • Erfaring frå etterforskingsleiing i sak og på portefølje
  • Kjennskap og forståing av planleggings- og styringssystema til politiet
  • Kunne vise til god resultatoppnåing i tidlegare stillingar

 

Etterforskar politibetjent 3/2/1:

Nødvendig:

  • Fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema 
  • God skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne
  • Operativ godkjenning kategori 4 eller vere kvalifisert for og villig til å bli IP4-godkjent

Ønskeleg:

  • Relevant erfaring frå politistilling
  • Erfaring frå etterforsking
  • Gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulen
  • Etter/-vidareutdanning innan etterforsking
  • Anna relevant tilleggsutdanning/kurs/erfaring

For stillingane må ein ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Personlege eigenskapar

Teamleiar

  • Du har god evne til å samarbeide internt og eksternt, samt evner å motivere og utvikle medarbeidarar.
  • Du er heilskapsorientert, og kan sette retning, drive endring, og skape resultat i samhandling med andre.
  • Du er villig til å utvikle deg og lære deg nye fagområde.
  • Du har god gjennomføringsevne, og kan jobbe sjølvstendig med god struktur og
    framdrift.
  • Du har gode kommunikasjonsevner og er dyktig i relasjonsbygging.
  • Du tar ansvar, er kreativ og løsningsorientert, og du er flink til å sjå moglegheiter innanfor tildelte rammer.

Etterforskar politibetjent 3/2/1:

  • Motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert og ansvarsbevisst i arbeidet ditt

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande og spennande stilling for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
  • Stillinga blir lønna som politiførstebetjent, stillingskode 0285/1455, i Møre og Romsdal politidistrikt med brutto årslønn frå kr. 584 500,- til kr. 679 700,-
  • Ved ledig stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) er tilsetting avhengig av erfaring og kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
    Politibetjent 3 – brutto årslønn frå kr. 575 400 – kr. 667 700
    Politibetjent 2 – brutto årslønn frå kr. 509 300 – kr. 565 900
    Politibetjent 1 – brutto årslønn frå kr. 487 700 – kr. 532 200
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
  • For særskilt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon
  • Moglegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Renate Grande, Politistasjonssjef, Nordre Sunnmøre, 70118829
Hilde Sæter, Politistasjonssjef, Ulsteinvik, 92261533

Arbeidsstad

Vatnevegen 9
6265 Vatne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt

Referansenr.: 4890181164
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 29.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Geografisk driftseining Sunnmøre – Møre og Romsdal politidistrikt. Ved eit eventuelt opprykk kan det bli ledig stilling som politibetjent 3/2/1. orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 630 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det. 

Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.

Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.

Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.

Webside www.politiet.no/jobb
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted VATNE (Adresse: Vatnevegen 9 Postnr: 6265)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 29-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/bd1d37a0-7578-4f58-b198-f6ed1ba84ecc
IMPORTAPI