Tannpleiar – vikariat – Sentrum tannhelseområde – Sælen tannklinikk
Health and social care Tannhelse pleie(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 10-11-2024
Deadline: 25-11-2024
Tannpleiar – vikariat
Sentrum tannhelseområde har ledig vikariat som tannpleiar i 100 % stilling frå 01.01.2025 til og med 30.11.2025.
Tenestestad er for tida Sælen tannklinikk, som er ein triveleg og travel tannklinikk med 6 behandlingsrom i Fyllingsdalen bydel. På klinikken jobbar det 4 tannlegar, 2 tannpleiarar og 4 tannhelsesekretærar. I tillegg til prioriterte gruppar av pasientar behandlar vi og vaksne, betalande pasientar etter kapasitet.
Arbeidsoppgåver
Jobbe i fyrstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer
Klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
Halde seg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha autorisasjon som tannpleiar
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
Arbeidar sjølvstendig og mestrar travle dagar
Er positiv og serviceinnstilt
Har gode kommunikasjonsevner
Har gode samarbeidsevner
Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
Ynskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det blir vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande tariff
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova § 25, 2.ledd, kan opplysningarr om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Mette Vibeke Skønberg Vallentinsen, områdeleiar tannhelse, 92887298
Arbeidsstad
Krokatjønnveien 15
5147 Fyllingsdalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4882898708
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 30.11.2025
Søknadsfrist: 25.11.2024
DIVERSE INFO