Tannlege ved Kristiansund kompetanseklinikk – Kristiansund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune
Health and social care Tannhelse pleie(1 dag siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 16-12-2024
Deadline: 06-01-2025
Tannlege ved Kristiansund kompetanseklinikk
Vi har ledig, fast 100% stilling som tannlege ved Kristiansund kompetanseklinikk frå februar/mars 2025.
Nye Kristiansund kompetanseklinikk vart sett i drift hausten 2024. Kompetanseklinikken er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar på Campus Kristiansund i bysentrum.
Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannlege.
- God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg
- Den som blir tilsett må levere politiattest.
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Personlege eigenskapar
- Trivst med å jobbe med og for menneske
- Jobbar effektivt og sjølvstendig
- God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
- Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg
- Lønn etter avtale
- Oppdatert og fin tannklinikk
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø
- Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Ingri Nilsson Valle, Klinikkleder, 45416614
Arbeidsstad
Fosnagata 12
Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4897184490
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 10.02.2025
Søknadsfrist: 06.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kristiansund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Ledige stillingar innan tannhelse (mrfylke.no) Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?
Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt! |
Webside | http://mrfylke.no/jobb |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Tannhelse/-pleie |
Sted | KRISTIANSUND N (Adresse: Fosnagata 12 Postnr: 6509) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 10-02-2025 |
Søknadsfrist | 06-01-2025 |