Stillingsbeskrivelse

Published 10-12-2024
Deadline: 25-12-2024

 

Tannlege

Vestland tannhelseteneste – Husnes tannklinikk har ledig 2 ein100% stillinger som tannlege med tiltreding snarast råd.
Husnes er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Vestland med 2 243 innbyggjarar per 1. januar 2023. Staden er omgitt av fjell og fjordar, og ligg i nærleiken av Rosendal med Baroniet i Rosendal og som er blandt mange turistmål. Mange flotte fjell og turområder . Husnes er handlesenter i kommunen med blant anna butikkar, servicetilbod, kafe, hotell, bibliotek og kulturhus. Husnes kulturhus har både kino og eit rikt kulturprogram.
Sentrum ligg idyllisk til ved Opsangervatnet. Rundt vatnet er det flott turløype og du finn også ei kjekk strand nesten midt i sentrum. Her er det flott tilrettelagt slik at du kan ta ein liten rast ved vatnet. Vil du gå litt lenger, så er det mange flotte og merka vandreløyper i området.
Husnes tannklinikk ligg under Kvinnherad/ Etne klinikkområde, og er ein klinikk for 3 tannlegar, 2 tannpleiar og 3 tannhelsesekretærar. Har og spesialist i endodonti ein dag i uka. Varierte arbeidsoppgåver og gode mogelegheiter for fagleg utvikling.

Arbeidsoppgåver

I all hovedsak yte tannhelsetenester til pasienter som har rettigheter i den offentlege tannhelsetenesta. God tilgang også på vaksne betalande pasientar.

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannpleiar og beherske norsk munnleg og skriftleg. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram gyldig politiattest. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar. 
    Vi søkjer deg som:
    – Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
    – Arbeider sjølvstendig og mestrar travle dagar
    – Er positiv og serviceinnstilt
    – Har gode kommunikasjonsevner
    – Har gode samarbeidsevner
    – Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
    – Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
    – Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
    – Ønskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste

    Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr:

  •            Ei spennande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
    –          gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
    –          godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging mellom klinikkleiar og kollega
    –          løn etter avtale med ei minstelønn på 640 + rekrutteringstillegg kr 50 000,-.
    –          fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar
Alle nytilsettinga i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25,2 ledd kan opplysninga om søkjaren bli offentleggjort sjølv om ein har oppmoda om ikkje å bli sett på offentleg søkjarliste. Om du har bedt om unntak, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4895392897
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver IDI – Søraust Tannhelseområde,Husnes tannklinikk Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under 24 år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter – TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).
Webside Vestland fylkeskommune
Bransje Helse og sosial
Yrke Tannhelse/-pleie
Sted HUSNES (Adresse: Stølshaugvegen 3 Postnr: 5460)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 25-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7e0064a1-6bf4-41f6-9977-97ddccddc3da
IMPORTAPI