Tannlege  – IDI – Årstad klinikkområde, Vestland fylkeskommune

Health and social care Tannhelse pleie

(3 dager siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 1. desember 2024
  •  Expire date: 17. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 01-12-2024
Deadline: 17-12-2024

 

Tannlege 

Vest Tannhelseområde har ledig ei fast 40% stilling som tannlege frå 01.01.2025.

Tenestestad er for tida Årstad Tannklinikk. Klinikken høyrer til Årstad klinikkområde som også inkluderer Ladegården Sykehjem Tannklinikk og Røde Kors Sykehjem Tannklinikk. Klinikken har til saman 26 tilsette: 10 tannlegar, 3 tannpleiarar og 13 tannhelsesekretærar.  Årstad tannklinikk er lokalisert på Årstadvollen, i nabobygget til Institutt for klinisk odontologi (IKO).  Klinikken samarbeider med IKO og har ansvar for å gi klinisk praksis og rettleiing til tannlege- og tannpleiarstudentar i gerodontologi. Den som blir tilsett må rekne med å delta i rettleiing av studentar, samt jobbe på Ladegården Sykehjem tannklinikk og Røde Kors Sykehjem tannklinikk, ved behov. 

Arbeidsoppgåver

–          Klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar
–          Rettleiing av studentar ved behov
–          Halde seg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
–          Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken

Kvalifikasjonar

–          Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege
–          Det vil bli lagt vekt på brei erfaring som allmenntannlege.
–          Erfaring med rettleiing av studentar er eit føremon
–          Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
–          Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:
–          Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
–          Kan arbeide systematisk, strukturert og målretta
–          Har evne til å jobbe effektivt, prioritere og meistre ein travel arbeidsdag
–          Har gode kommunikasjonsevner
–          Har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
–          Har personleg og fagleg integritet samt fokus på fagleg utvikling
–          Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
–          Har forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget
–          Ynskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
 
Det vert vektlagt at søkar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

–          Ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
–          Løn etter avtale, men med ei minsteløn på kr 620.000
–          Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Hazel Axinto Rødseth, Klinikkleiar, 552 06 450, hazel.axinto.Rodseth@vlfk.no
Agnete Norheim Kaldestad, områdeleiar tannhelse, 41644936, agnete.norheim.kaldestad@vlfk.no

Arbeidsstad

Årstadveien 21
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4890990034
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 17.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver IDI – Årstad klinikkområde, Vestland fylkeskommune orgnr: 990831041
Kort om arbeidsgiver Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under 24 år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter – TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Tannhelse/-pleie
Sted BERGEN (Adresse: Årstadveien 21 Postnr: 5009)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3a184d4c-e140-4d20-a713-a185a956e84e
IMPORTAPI