Tannhelsesekretær Vinje tannklinikk 100% fast stilling – Telemark fylkeskommune

Health and social care Helsesekretaer

(1 uke siden)

  • VINJE
  •  Lagt til dato: 7. september 2024
  •  Expire date: 27. september 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 07-09-2024
Deadline: 27-09-2024

 

Tannhelsesekretær Vinje tannklinikk 100% fast stilling

Vil du vere med på å betre tannhelsa til befolkninga?

Det får du no høve til, for vi søkjer ein tannhelsesekretær i 100% fast stilling ved Vinje tannklinikk.

Vi kan tilby ein spennande jobb med varierte arbeidsoppgåver, der du kan utgjere ein positiv forskjell for pasientane. Å jobbe som tannhelsesekretær i tannhelsesektoren i Telemark fylkeskommune inneber lagarbeid med andre tannlegar, tannpleiarar og tannhelsesekretærar i eit godt fagmiljø.  Vi trur difor du vil trivast dersom du er ein effektiv og strukturert tannhelsesekretær med gode samarbeidsevner og godt humør som bidreg til å løyse samfunnsoppdraget til tannhelsesektoren. I fylket har vi verdiane kompetanse, samarbeid og openheit og håpar du har lyst til å vere med på å la desse vere synleg i måten vi jobbar saman på. Vi trur nemleg at vi leverer betre tenester til innbyggjarane våre om vi på klinikken samarbeider godt på tvers av alle yrkesgrupper og bidreg til kvarandre si faglege utvikling ved å stille spørsmål og vere nysgjerrige på kvarandre si fagkompetanse.

Vinje Tannklinikk:

Vinje tannklinikk ligg i Åmot i Vinje kommune. Klinikken ligg 30 min frå skidestinasjonen Rauland. Klinikken har moderne lokale, med fem behandlingsrom og OPG.

Det jobbar no 4 team beståande av tannlegar og tannhelsesekretær/assistent, samt 2 tannpleiare og ein felles resepsjonist ved klinikken. Tannlegane ambulerer normalt ein dag i veka til biklinikken i Fyresdal. 

 

Hovudarbeidsoppgåver og ansvarsområde

  •  Assistere tannlegen under pasientbehandling 
  •  Arbeidsoppgåver på sterilrom som blir utført i samarbeid med kollegaer
  •  Administrative oppgåver
  •  Bestilling av varer
  •  Oppfølging av pasientar
  •  Rapportering 
  •  Resepsjonsarbeid kan vere ein del av stillinga
  •  Vere eit positivt bidrag til arbeidsmiljøet på klinikken og delta aktivt i fellesskapen på klinikken
  •  Delta i arbeid med systematisk fagutvikling og kompetanseheving på arbeidsplassen 
  •  Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling og andre felles oppgåver for drift på klinikken

Endringar i ansvar og arbeidsoppgåver må kunne påreknast.

 

            Kvalifikasjonar

            Utdanning:

  •  Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær. Nyutdanna eller studentar som forventar å få autorisasjon innan seks månader er også velkomne til å søkje. Ufaglærte kandidatar kan også søke, men autoriserte kandidatar har eit fortrinn. Dersom ein ufaglært kandidat vert tilsett i stillinga vil det vere eit krav om å ta autorisasjon som tannhelsesekretær innan 3 år.
  •  Politiattest i samsvar med helsepersonelloven §20a.
  •  Meistre norsk både munnleg og skriftleg: Pasientane skal forstå kva du seier og journalføringa skal vere på eit slikt nivå at vi fyller krav til journalføring
  •  Kompetanse til å utnytte IKT-løysingane frå fylkeskommunen, ser moglegheiter i ny teknologi og er motiverte for å ta i bruk nye digitale løysingar.

 

Erfaring:

  •  Erfaring frå å assistere tannlege i tannbehandling er ønskjeleg
  •  Kjennskap til Opus og erfaring frå den offentlege tannhelsetenesta er ønskjeleg 

Personlege eigenskapar

Vi trur du vil trivast i stillinga om du har:

  •  pasienten i fokus gjennom tillitsskapande, trygg og tydeleg kommunikasjon
  •  god gjennomføringsevne, samtidig som du evnar å vere fleksibel
  •  evne til å jobbe sjølvstendig og ta initiativ
  •  gode samarbeidsevner
  •  evne til stabilitet når tempoet blir høgt
  •  personlege eigenskapar blir vektlagde.

Vi tilbyr

  •  Godt arbeidsmiljø med hyggjelege kollegaer 
  •  Spennande og varierte arbeidsoppgåver 
  •  Moglegheit for hospitering 
  •  I tillegg til felles kurs og samlingar har vi også individuell kurspott til alle faggrupper  
  •  Lønn i samsvar med Hovedtariffavtalen 
  •  God offentleg pensjonsordning 

Tilsetjing og prøvetid 

Tilsetjing skjer på grunnlag av dei til kvar tid gjeldande lovene, tariffavtalar og reglement. Som hovudregel praktiserer vi 6 månaders prøvetid frå tiltredingsdato.

Søkje stilling 

Du søkjer via det elektroniske søknadsskjemaet vårt. Vitnemål og attestar tek du med til eit eventuelt intervju. Ved utløpet av søknadsfristen blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Søkjarar som har bede om unntak frå offentlegheit, vil bli varsla dersom dette ønsket ikkje kan kommast jf i møte offentleglova § 25. Fylkeskommunen er oppteken av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søkje uansett alder, kjønn, eventuell funksjonshemming, seksuell orientering, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Om fylkeskommunen

Fylkeskommunen er ein politisk styrt organisasjon som bidreg til samfunnsutvikling og verdiskaping i regionen. Vi har ansvar for viktige oppgåver innan bla vidaregåande opplæring, kultur, folkehelse, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesvegar, samfunnsutvikling og dessutan regional- og arealplanlegging. Telemark fylkeskommune skal bidra til verdi for framtida gjennom kompetanse, samarbeid og openheit. Vi jobbar tverrfagleg og set behovet til innbyggjarane i sentrum. Til dette oppdraget søkjer vi profesjonelle, inkluderande og modige medarbeidarar som er gode relasjonsbyggjarar og løysingsorienterte lagspelarar.

 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Telemark fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver
Webside https://www.telemarkfylke.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsesekretær
Sted VINJE (Adresse: Sentralt fakturamottak Postboks 2844 Postnr: 3890)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1328342c-dffc-4fba-9bbc-0e68ede39544
IMPORTAPI