Tannhelsesekretær ved Kristiansund kompetanseklinikk – Kristiansund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune
Helse og sosial Andre helseyrker(6 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 31-03-2025
Deadline: 14-04-2025
Tannhelsesekretær ved Kristiansund kompetanseklinikk
Den offentlege tannhelsetenesta har fått tilført nye pasientgrupper, og det er behov for fleire tannhelsesekretærar ved Kristiansund kompetanseklinikk. Vi har ledig 3 faste 100% stillingar frå juli/august 2025.
Nye Kristiansund kompetanseklinikk vart sett i drift hausten 2024. Kompetanseklinikken er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar på Campus Kristiansund i bysentrum.
Arbeidsoppgåver
- Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar.
- Hygieneansvar og smittevernoppgåver.
- Administrative oppgåver knytte til timebestillingar, journalsystem og pasientkontakt.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.
- Søkarar utan autorisasjon kan bli vurdert for tilsetting i stilling som assistent (st.kode 6572) dersom vi ikkje har kvalifiserte kandidatar med gyldig autorisasjon som tannhelsesekretær.
- God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg.
- Den som blir tilsett må levere politiattest.
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Personlege eigenskapar
- Trivst med å jobbe med og for mennesker.
- Jobbar effektivt og sjølvstendig.
- God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert.
- Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg.
- Lønn etter tariffavtale.
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse.
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø.
- Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer.
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg.
- Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP).
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Ingri Nilsson Valle, Klinikkleder, 45416614
Sara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553
Arbeidsstad
Fosnagata 12
6509 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4943391261
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kristiansund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar. Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling. Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?
Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt! |
Webside | http://mrfylke.no/jobb |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Andre helseyrker |
Sted | KRISTIANSUND N (Adresse: Fosnagata 12 Postnr: 6509) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 14-04-2025 |