Tannhelsesekretær – fast stilling – Vest tannhelseområde – Lindås tannklinikk
Health and social care Helsesekretaer(16 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 04-11-2024
Deadline: 19-11-2024
Tannhelsesekretær – fast stilling
Vest tannhelseområde har ledig 100% fast stilling stilling som tannhelsesekretær frå 06.01.2025.
Tenestestad er for tida Lindås tannklinikk. Klinikken høyrer til Nordhordland klinikkområde som også inkluderer tannklinikkane Eivindvik, Manger og Nordhordland. Lindås tannklinikk har til saman 8 tilsette: 3 tannlegar, 3 tannhelsesekretærar og 2 tannpleiarar. Klinikken er lokalisert i Lindås Nærsenter som ligg rundt 5 mil unna Bergen sentrum.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk assistanse ved tannbehandling
- Røntgentaking
- Oppdekking, etterfylling av instrument og materialer
- Reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
- Kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis
- Ulike administrative oppgåver knytta til pasientbehandling og drift på klinikken
- Bidra i arbeidet med å innfri tannhelsetenesta sitt samfunnsoppdrag og nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
- Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken
Andre oppgåver kan leggast til stillinga
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannhelsesekretær
- Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
- Det er ønskjeleg med tidligare klinisk erfaring, gjerne frå offentleg tannhelseteneste
- Det er ønskjeleg med erfaring i bruk av Opus
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og til å ta initiativ
- Er samvitsfull og har god gjennomføringsevne
- Er positiv og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har gode samarbeidsevner
- Jobbar systematisk og strukturert
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- Ynskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga
Vi tilbyr
- Ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Løn etter gjeldande tariff
- Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Harald Isdal Kvamme, klinikkleiar , 91750454
Arbeidsstad
Kolåsvegen 5
5955 Lindås
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4879346447
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.11.2024
DIVERSE INFO