Stillingsbeskrivelse

Published 12-03-2025
Deadline: 27-03-2025

Systemutviklar (senioringeniør/overingeniør) ved IT-avdelinga – Sensitive data og LabIT

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w

Om stillinga:

Senioringeniør/Overingeniør

Handtering og prosessering av forskingsdata har dei siste åra vekse fram som eit stadig viktigare område for forsking og kunnskapsutvikling. Ved IT-avdelinga si produktlinje for sensitive data og LabIT (https://www.uib.no/safe) er det no ledig ei fast stilling knytt til utvikling og drift av løysingar for handtering og lagring av sensitive forskingsdata (SAFE) og data generert ved vitskapeleg laboratorieutstyr (LabIT). SAFE er UiB sitt såkalla ‘sikre analyserom’ og har i dag meir enn 500 brukarar innafor ei lang rekke fagområde, som medisin og helse, psykologi, samfunnsvitskap og kunst. Lab-IT er ei løysing som tilbyr nettverk, lagring/backup og fjerntilgang for avanserte instrument brukt i forsking ved UiB, til dømes mikroskop. Vi bidreg i tillegg til ei rekke nasjonale og internasjonale infrastrukturprosjekt, støtta av mellom anna Noregs Forskningsråd, Helsedirektoratet og EU. SAFE er og partner i det nasjonale NORTRE-samarbeidet om sikre analysetjenestar for helsedata, saman med dei motsvarande infrastrukturane ved NTNU og UiO.

IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Avdelinga leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ei kunnskapsrik og engasjert avdeling som deltar i spennande aktivitetar på heile UiB, og vi har brei kontakt med studentar og tilsette. IT-avdelinga består av om lag 130 tilsette og innehar eit stort mangfald av kompetanse og nasjonalitetar.

Arbeidsoppgåver:

I denne jobben vil du være ein del av IT avdelinga si produktlinje for sensitive data og LabIT. Produktlinja tel i dag åtte personar, som utviklar og drifter tenester for forsking. Du vil samarbeide med andre ingeniørar, forskarar og andre tilsette både ved IT-avdelinga og ved fakultet og institutt ved UiB. Applikasjonsutviklingsteama bruker smidige metodar som Scrum og Kanban.

Hovudoppgåva til denne stillinga vil være å utvikle, forvalte og drifte løysingar i SAFE for innhenting- og behandling av sensitive forskningsdata, til dømes personsensitive data frå helseregistre, befolkningsstudiar, genomikkanalysar, ulike typar spørreskjema og videoopptak.

Andre oppgåver som inngår er:

  • Utvikle sikre løysingar for dataoverføring
  • Automatisere drift og tenester for sensitive forskingsdata
  • Kontinuerleg forbetre alle tenester produktlinja leverer
  • Dokumentasjon av teneste og rutinar
  • Delta i relevante e-infrastrukturprosjekt lokalt, nasjonalt og internasjonalt

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Kompetanse innan programmering i eitt eller fleire språk, som Python og JS
  • Erfaring og interesse for DevOps på Linux, som Docker, Gitlab, CI/CD, Ansible og Shell
  • Erfaring med databasar, som MariaDB/MySQL, Postgresql
  • Erfaring med å bygge og bruke RestAPIer er ønskeleg
  • Erfaring med integrering og automatisering av system
  • God teknisk forståing av både applikasjonsutviklingsprosessar, rammeverk og testmetodar
  • Evne til å sette deg inn i brukarens behov

For overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitetet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning.
For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter -og vidareutdanning.

Vi søkjer ein person som:

  • Er ein lagspelar som deler sin kompetanse og ser verdien av å gjere andre gode
  • Liker å jobbe på tvers av grupper og fagområder
  • Tar initiativ, er nysgjerrig og har evne til å skaffe seg naudsynt kompetanse
  • Viser interesse for å finne dei gode, sikre og enkle løysingane i samspel med brukarar, systemeigarar og eige team
  • Er arbeidsvillig og har gjennomføringsevne
  • Kan jobbe sjølvstendig, strukturert og er kvalitetsbevisst med auge for detaljar
  • Kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving
  • Stilling som overingeniørar (kode 1087) kr kr 604 900 – 760 000 eller senioringeniør (kode 1181) 657 300 – 790 000 avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Moglegheit for avtale om delvis heimekontor
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:  produktlinjeleiar Christine Stansberg (christine.stansberg@uib.no, mobil 402 33 184) eller produktområdeleder Alexander Oltu (alexander.oltu@uib.no, mobil 468 19 137).

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her. 

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Industri og produksjon
Yrke Elektro/elektronikk
Sted BERGEN (Adresse: Nygårdsgaten 5 Postnr: 5015)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c6681630-d9fa-4d7d-b6dc-cb1b377e6660
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/277066

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31