Systemansvarleg – stabil, sikker og framtidsretta drift – Virksomhetsutvikling, Helse Vest IKT
IT Utvikling(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 30-03-2025
Deadline: 27-04-2025
Systemansvarleg – stabil, sikker og framtidsretta drift
Har du lyst til å gjere ein forskjell? Vil du vere ein bidragsytar til at helsevesenet blir enklare for pasientar, legar og sjukepleiarar gjennom digitalisering? Då er det deg vi leitar etter.
Helse Vest IKT har etablert eit integrasjonssenter med overordna ansvar for systemintegrasjonsarbeidet i Helse Vest. Integrasjonssenteret har det samla ansvaret for koordinering, leveranse og forvaltning av integrasjonsløysingane, og er med sine 38 dyktige medarbeidarar eit viktig og etterspurt kompetansesenter i helsesektoren.
Helse Vest har eit av dei mest komplekse systemlandskapa på Vestlandet. Datasystem i helsevesenet har dei siste åra blitt heilt sentrale i pasientbehandlinga, og behovet for utveksling av data mellom systema er stort. Integrasjonsplattforma i Helse Vest går no inn i ein fase der ny teknologi skal takast i bruk i form av skyløysingar som Azure og Kubernetes.
Plattformteamet sørgjer for at meldingsutvekslinga mellom fagsystema i sjukehusa på Vestlandet og dei ulike samhandlingspartane i sektoren fungerer optimalt. Dette blir gjort gjennom forvaltning og drift av integrasjonsplattforma, samt bidrag til implementering og testing av nye løysingar. Teamet består i dag av ei velfungerande gruppe på sju personar, både kvinner og menn i aldersspennet 30-54 år. Vi er lokaliserte i Bergen og Stavanger, og har bakgrunn frå privat og offentleg verksemd med variert grad av utdanning. Teamet har høg trivselsfaktor og god stemning.
Grunna ein kollega som går vidare til ei anna stilling internt i verksemda, treng vi no deg som kan fylle dette tomrommet. Du har gjerne lang og brei erfaring, eller du er nyutdanna med relevant utdanning. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Arbeidsstad vil vere i Bergen eller Stavanger. Vi ser fram til å høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Forvalte, drifte og vedlikehalde integrasjonsplattforma (Microsoft BizTalk Server og IIS) i Helse Vest.
- Bidra med kompetanse til teamet med feilsøking/feilretting.
- Delta i prosjekt som teknisk ressurs.
- Hjelpe ved gjennomføring av test og verifikasjon.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på Bachelornivå. Arbeidserfaring og personlege eigenskapar kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring eller kompetanse på Windows Server og teknologistandardar (XML, SOAP, REST, ebXML, SQL, PKI, etc).
- Erfaring eller kompetanse på skytenester som Microsoft Azure og Kubernetes.
- Erfaring eller kompetanse med drift og/eller utvikling av applikasjonar og webtenester.
- Kjennskap til scripting, som til dømes Powershell.
- Kjennskap til helsesektoren tel positivt.
Personlege eigenskapar
- Du er ryddig og opptatt av å levere kvalitet.
- Du er initiativrik, glad i utfordringar og likar å jobbe i eit godt fagleg miljø.
- Du er ein god lagspelar og er serviceinnstilt.
- Du har evne til å sjå heilskapen i eit komplekst systemlandskap og samtidig kunne gå i djupna på underliggande teknologi.
- Du trivast i eit godt sosialt miljø med interessante utfordringar og stor grad av påverking i din eigen arbeidskvardag.
- Du har interesse for drift- og systemforvalting, og har forståing for viktigheita av robuste og stabile løysingar.
- Du er ein bidragsytar til godt medarbeidarskap og til eit godt arbeidsmiljø for alle.
- Formulerer deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
- Eit skikkeleg bra arbeidsmiljø. Vi spelar kvarandre gode og har det gøy saman på jobb.
- Jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje.
- Kvar dag er ulik. Vi har variert utfordrande arbeidsdagar med rom for fagleg og personleg utvikling. Hos oss får du jobbe med store og små oppdrag.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Fleksible ordningar med heimekontor, fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
- Flotte kontorlokale med svært god kollektivdekning (buss, bybane).
- Innandørs sykkelparkering.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Espen Smebye Søreng, Gruppeleiar, +47 91758849
Arbeidsstad
Bjørnsons gate 29
5052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKT
Referansenr.: 4924130368
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.04.2025
DIVERSE INFO