Stillingsbeskrivelse
Published 15-12-2024
Deadline: 26-01-2025
Systemansvarleg IKT blodbank
Bli med på laget på LMBB – din sjanse til å kombinere fagleg utvikling med spektakulær vestlandsnatur! Vi har ledig 100% stilling som IKT-ansvarlig (overbioingeniør) i blodbanken.
Er du bioingeniør og klar for nye utfordringar? Hos oss på Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) i Førde, får du moglegheit til å jobbe med moderne analysemetodar i eit dynamisk og sosialt arbeidsmiljø. Blodbanken i Helse Førde er organisert i fellesavdeling med medisinsk biokjemi. Det er ei avdeling på tvers av sjukehusa i Førde, Lærdal og Nordfjordeid. I tillegg er der ein tappestasjon i Florø.
🌟 Her får du:
- Tett samarbeid med erfarne kollegaer i eit team på ca. 35 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar)
- Vere med å vidareutvikle IKT system aleine og i samarbeid med andre blodbankar i regionen. Moglegheit til å lære mykje nytt og spennande under god veiledning frå
- dagens IKT ansvarleg som pensjonera seg hausten 2025.
🌍 Førde – din nye by:
- Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangementer
- Fantastisk tilgang til naturen: toppturar, skianlegg, båtliv og fiskemuligheter rett utanfor døra
- Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna.
🎉 Sosialt miljø:
- Vi trur på balanse mellom arbeid og fritid! Bli med på buldring, jogging, quiz, kampsport og andre kjekke og sosiale aktivitetar saman med kollegaer.
Arbeidstida er i hovedsak dagtid mandag til fredag med helgearbeid ca kvar 4 helg.
Er du klar for å ta steget?
Ta kontakt for spørsmål om stillinga, og bli ein del av vårt team! Startdato 01.05.25 eller etter avtale. Vi gledar oss til å bli kjent med deg!
Sjå video for å bli kjent med oss i LMBB .
Arbeidsoppgåver
- Dagleg ansvar for drift og testing av IKT-system i avdelinga, samt nødvendige integrasjonar
- Ansvarleg for testing og validering ved versjonsoppgradering, innføring av nye IKT-system inkludert integrasjonar
- Gje tilgangar, opplæring og rettleiing til tilsette og eventuelle samarbeidspartnarar
- Utarbeide og delta i utarbeiding av prosedyrer der bruk av IKT-system inngår
- Systemansvarleg for blodbanksystemet ProSang, NWA Quality Analyst i Helse Førde
- Delta på kurs, drifts- og brukermøter for å halde seg fagleg oppdatert på endringar og nye løysingar
- Delta i rutinearbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisert bioingeniør
- Erfaring innan transfusjonsmedisin er ein fordel
- Gode IT-kunnskaper
- Kunne uttrykke seg godt på norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Ansvarsfull, nøyaktig og strukturert
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Interesse for kontinuerleg forbetringsarbeid
- Engasjert og målretta
- Må trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Høve til opplæring og kompetanseutvikling
- Lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldane overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Sjukehuset kan bidra med å skaffe bustad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Nina Merkesdal Hole, Seksjonsleiar, 57 83 92 87
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 4893890153
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | LMBB, seksjon FSS, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | IT |
Yrke | Utvikling |
Sted | FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 26-01-2025 |